Barley wine med lav fg

FrodeSy

Norbrygg-medlem
For snart 4 veker sidan brygga eg ein barley wine med 92 % pale, 2 % caramalt, 4 % krystall 120 og 4 % krystall 400.
Starta meskinga på 64,8 grader, og endte på 62,2 grader etter 100 minutt.
Gjæra med WLP 002, tilsett O2 med oksygeneringssett i 1 minutt før satt til gjæring i gjærings- / kjøleskap på 19 grader. Heva temperaturen med 0,8 grader annakvar dag rekna frå 4. gjæringsdagen. Temperaturstyring med STC-1000 og frostvakt frå Biltema.
OG 1.087. SG (still counting)

Ved testing søndag var SG 1.015. Då smakte ølet ok sjølv om eg syntes SG var noko lav. I går var SG 1.012/13 noko som tilseier 85 % utgjæring. Dette er vel altfor høgt for WLP 002 sjølv med lav mesketemperatur?
Synast ølet smaker tynt - svært tynt til 9,7 % å vere - men er fortsatt usikker på om dette betyr infeksjon eller ikkje.

Dersom det er infeksjon så vil vel SG halde fram med å synke, men kan det synke ned til under 1.000?

Dersom det ikkje er infeksjon, så har eg ikkje fått meg den barley winen eg ønskte. Eg kan sjølvsagt tilsetje lactose for å auke fylden i ølet. Har nokon bra erfaring med dette? Er det ev anna eg kan gjere for å redde ølet eller er det berre å tømme ut og starte på nytt att?  :noway:
 
Jeg har opplevd tilsvarende med wlp 001, den gjærte fra 1100 til 1013. Den smakte også tynt og ubalansert da jeg skulle flaske den, men det ved hjelp av litt lagring et av de bryggene jeg er mest fornøyd med.

Så kjør på..
 
Etter 4 vekers gjæring har denne no stoppa på 1.012 (9,8 %). Den går på fat i løpet av laurdagen. Så får eg håpe at den utviklar seg positivt ved lagring nede i kjelleren hos foreldra mine. Der er det 12-13 grader året rundt og gode forhold for eit par års lagring. Då får eg krysse fingrane for at juleølet 2015 er i orden.
 
Tilbake
Topp