Har hatt ein PID til mitt meskesystem ei stund og den har fungert veldig bra. Den er kjøpt billig på ebay.com og er den samme som denne:
http://www.ebay.com/itm/PID-F-C-Tem...87?pt=LH_DefaultDomain_0&hash=item5645b8c4e3
Det medfulgte ein K-type sensor, og annonsen ga indikasjon på at denne kunne byttast ut med mange andre typar termokoplarar, og temperaturgivar av PT-100 typen.
Når eg mottok PID'en sto det ingenting i bruksanvisninga korleis eg kunne få den til å godta PT-100, til tross for at det påtrykte koblingskjemaet viser tilkobling av PT-100. (PT-100 av tre-wire typen, termokoplarar har to tilkoblingar).
Eg sendte mail til selgar og spurte korleis det kunne gjerast og svaret eg fekk var noko slikt som at det ikkje gjekk, og ein måtte kjøpe ein PID som var forberet for PT-100.
Eg las også om andre på forumet som følte dei hadde kjøpt PID i håp om å skifte k-givaren til PT-100, utan at det hadde gått på deira PID.
For ei stund sidan fant eg på nett ein "advanced" bruksanvisning på nettet og der er det beskrive korleis PID'en må programmerast for å ta PT-100. I dag prøvde eg det, og det funka!
Det eg merka er at den er litt meir nøyaktig utan at eg har testa veldig omfattande, men eg har eit instrument med K-givar som viser 103-104 grader ved koketemp, og PID'en viste 102 ved koking med K-givar. Har ikkje testa med isvatn endå, men med PT-100 viste den 100,7. (Bilde).
Det som er litt kul spinoff av det er at ein får temperaturavlesingen med ein desimal. Med K-givar viste displayet berre heile grader.
På grunn av at komma blir flytta i displayet måtte eg og forandre "upper limit of setting value meashurement range". Denne var 400 grader, og etter kommaflyttingen vart den 40,0. Når tempen kom over 40 blinkar displayet for å varsle at tempen er høgare enn tillatt måletemperatur. (Kan settast til maks det sensoren er god for).
Ein kan og gå inn og forandre parameter så ikkje Out2 (kjøleutgang, rele) ligg å koblar inn og ut. Dette er mest for gøy, men releet lagar klikkelydar heiletida når ein ligg rundt innstillt temperatur så det er greit å sleppe den "støyen".
I tillegg er det fleire ting ein kan gå inn og forandre på, ein kan bl.a snu PID'en om til kjølemodus (forward/reverse operation).
Veit ikkje om det er tilsvarande "hemmelege" kodar på andre "kina"-PID'ar, men om det er tilsvarande menysystem går det jo an å prøve.
"Advanced" manual lagt ved.
Privat wiki om CD101: http://mightyohm.com/wiki/resources:cd101
Bilde : Temp ved koking.
:brygging:
EDIT: Bytta litt på bilder....