Tørrhumling og "lova om bittert øl"

katla

 
Siste øl eg brygga delte eg vørteren i 2 delar etter koking. Den eine delen brukte eg US-05 og den andre delen brukte eg S-04.

Etter stormgjæringa tørrhumla eg og eg brukte forskjellig humler i dei to brygga. (Dette er ikkje forsking så eg endra altså på fleire parametrar - både gjær og tørrhumling). (og tørrhumlinga vart også gjort i full fart innimellom andre oppgåver og eg vart nok avbroten slik at eg ikkje fekk dokumentert kva humle som for i kva gjæringskar (inngåande telefon? noko anna som fanga interessa der og då? - kven veit - det eg spelte meg med var sikkert Cascade, Mandarine Bavaria og kanskje Amarillo/Simcoe?)).

Det eg observerar i smak i etterkant er at det eine ølet er vesentleg bitrare enn det andre ølet! Her stemmer ikkje observasjonane med det eg hittil har oppfatta som "lova om bittert øl" : det bitre i ølet kjem frå kokinga i lang tid - aroma kjem frå humlinga på slutten av koketida og tørrhumling.

Noko anna er at BeerSmith programmet - det forstår heller ikkje dette... Ikkje eit einaste bitter-poeng om eg aukar frå 10 gram til 200 gram under tørrhumling med f.eks. Simcoe...

Så - er "lova om bittert øl" feil eller har eg (Og han BeerSmith) misforstått noko?
 
Veit ikkje eg men kva med "smakaren" då :p
Bitterhet skal vel ikkje gå ut av ølet men ei +/- 8 månader gamal IPA eg opna i går smaka mykje mindre bittert no enn den gjorde då den var fersk.
Har ført det på kontoen "smaksløkar i endring/upåliteleg smakar":)
 
Fikk du lik utgjæring med begge typer gjær?
Eg har ikkje målt.

Og det har vel ikkje noko med om ølet er bittert eller ikkje?

Veit ikkje eg men kva med "smakaren" då :p
Bitterhet skal vel ikkje gå ut av ølet men ei +/- 8 månader gamal IPA eg opna i går smaka mykje mindre bittert no enn den gjorde då den var fersk.
Har ført det på kontoen "smaksløkar i endring/upåliteleg smakar":)

Tja - når du har to øl framfor deg på bordet og smakar på begge og det eine er vesentleg bitrare enn det andre - eg snakkar om forskjell på bitter IPA versus vanleg pils . Så eg trur ikkje det er smakaren - så raskt endrar det seg vel neppe.
 
Og det har vel ikkje noko med om ølet er bittert eller ikkje?.

Samme øl med sødme kan oppleves som mindre bitter enn uten sødme fordi bitterheten balanseres av sødmen.

Jeg har opplevd ferskt tørrhumlet øl som bitrere enn samme øl litt senere. Jeg har tenkt at dette må være polyfenoler fra humlen som etter hvert faller ut av oppløsning. Dette gjaldt særlig en gang jeg kompanserte for litt gammel humle ved å bruke mer av den (dårlig ide, ubehagelig øl!). Jeg synes isinglas hjelper
 
Gjær vil i forskjellig grad felle ut iso-alfasyrer og dermed redusere bitterheten. Jeg tror ikke at det er helt forstått hvorfor dette skjer, men det er kjent at det skjer. Det har vel kanskje noe å gjøre med elektrisk ladning som gjør at iso-alfasyrene binder seg til gjærcellene og feller ut sammen med gjæren.
 
Kan ikke hjelpe deg med annet enn at jeg har opplevd det samme selv,
men så er det også som Bjarte sier at enkelte gjærstammer feller ut iso-alfasyrer iforskjellig grad og dermed redusere bitterheten
US-05 gir et bitrere øl enn andre
 
Eg fann eit slags svar der ute i verdsveven: http://www.barthhaasgroup.com/images/pdfs/newsletter/HSno8_2014.pdf

Det tolkar eg som eg har observert rett.

Kan ikke hjelpe deg med annet enn at jeg har opplevd det samme selv,
men så er det også som Bjarte sier at enkelte gjærstammer feller ut iso-alfasyrer iforskjellig grad og dermed redusere bitterheten
US-05 gir et bitrere øl enn andre

Dessverre - den lappen eg skulle klistra på gjæringskaret for å skilja dei to - den kom aldri på - så det har eg ikkje dokumentasjon på men det stemmer sikkert og det kan godt henda at det var to faktorar som gjorde dette utslaget.
 
Tilbake
Topp