Bestillingar frå Lund teknik. Kurer frå Danmark.

Hei.

Som nemnt i annan tråd har eg hatt eit opplegg på gang med ein dansk kollega som har sagt seg viljug til å ta med fat frå Lund teknik til Norge. Det er litt å spara her, men ikkje dei enorme summane.

Eg betalte totalt 1900,- NOK for:
4 trykktesta corneliusfat. (Eitt handtak. Eitt lokk bør bytast elles ok.)
1 komplett picnictap med skumdemp
1 ølkopling
2 CO2-kopling
1 pk. (10stk) beskyttingshetter til koplingane på fata.

Eg sparte tollen, og det vart halv pris på frakt, då eg berre trengde senda innenlands i Danmark. Mogleg me finn ein grei måte å henta på framover, men det var slik det vart gjort denne gong. Ved henting går prisen 200,- til ned.

Kureren er ein ølglad danske eg jobbar i lag med på Forus som er heime på visitt i Danmark kvar 14. dag. Han fraktar fata til kontoret på Forusstraen på Gausel. Alt han vil ha i retur er nokre "bayere" til han og resten av danskane i internatet på tomta.

Er dette noko som er interessant for fleire?
 
Absolutt interresant!
Kjempebra tiltak!
Tar en opptelling på lageret når jeg er hjemme på fredag og skriver ønskeliste:)
 
Hei.

Eg betalte totalt 1900,- NOK for:
4 trykktesta corneliusfat. (Eitt handtak. Eitt lokk bør bytast elles ok.)
1 komplett picnictap med skumdemp
1 ølkopling
2 CO2-kopling
1 pk. (10stk) beskyttingshetter til koplingane på fata.

Hei. Fat-novise er jeg, men lyst på opplegg har jeg.

Er dette nok til å starte med fat-tapping? Uansett, jeg er interessert.
 
Interessant. Holder du meg oppdatert, EspenV? Må ser hvordan det passer med mine turer til Stavanger. Da er jeg like ved Forusstraen. Kan de stå der "på lager", eller må de hentes med en gang?
 
Eg har god plass på laben, om det er vanskeleg å henta med ei gong. Har rekna med det, sidan eg er usikker på kor mykje/kor store bestillingar det vert. Er ei utfordring om det vert pallstorleik på bestillingane, då han køyrer eigen bil til og frå, og har kona som postadministrator heime, så det er eit reint sameritanarprosjekt som rullar her.

Eg skal i "mekling" over ein bayer eller fem no snart, for å sjå kor mykje/kor ofte han er viljug til å ta med for oss. Han hadde vorte stoppa i tollen, av inspektørar som haldt god avstand til bilen, og såg bekymra på dei 4 tankane som låg i baksetet. Det gjorde ikkje saka betre då han sa det var "fustager". Hjalp litt då han sa "øl, ingen bombe"
 
Dei leverer både nye og brukte. Eg bestilde brukte fat. Har ingenting å utsetja på dei, til den prisen...
 
Sist runde med fat jeg fikk fra Lund, av typen med ett håndtak var i elendig stand. Måtte bytte samtlige pakninger og ett lokk i tillegg.
 
Det er hinta frampå interesse for å få litt småplukk til lands. Skal ha ei oppteljing i bryggeriet til helga, og setje opp ei bestilling.

Er det fleire som melder seg på denne?
 
Tilbake
Topp