• Bruk prefiks-funksjonen når du oppretter nye poster i dette forumet.

Solgt/Kjøpt 3/8 Rustfritt rør

katla

 
Eg har 2 stk 100 fots coilar med rustfritt rør i 3/8".

Dette er rør som eg har brukt til å laga kjølarar av . Pris hjå - www.nybrewsupply.com - der eg truleg har kjøpt røra - er 94 USD - altså omlag 750 kr/stk som er utan. frakt og moms.

(https://www.nybrewsupply.com/collec...g-coil-type-304-3-8-x-020?variant=44459790484).

Eg vil gjerne har 500 kr pr. stk. (pluss frakt/innpakkingskostnader om dei må sendast).

Røret er tynnvegga slik at å laga bend på dei stiller krav om både teknikk og verktøy.

Røret er i seg sjølv "enkelt" å bøya til mindre coilar rundt eit rør så lenge diameter er > 25 cm og så lenge ein gjer det ved å redusera diameter i den opprinnelege coilen. Og litt teknikk. Det går for 1 person om ein har litt teknikk.

Ein må gjerne ha rørbøyar for 3/8" for å bøya dei med små radiusar. Det er lurt å ha noko på innsida av røret når du bøyer det.

Min hemmelege metode som eg har utvikla for å bøya slike tynne rør - er at eg har ført inn tynne plastbelagte vaierar (typisk 6-9 stk (det som går inn)) og har brukt slik silikon som rørleggjarar bruker som glidemiddel for å få vaierane inn). Dette kan ein få inn 1+ meter i røret. Om ein så vrir på desse vaierane slik at dei "verkar" som 1 vaier - så vil dei ikkje "flata" på innsida av røret. Slike vaierar får ein kjøpt på f.eks Biltema. Greit at dei er plastbelagte - då er dei enklare å føra inn og ein får ikkje problem med eventuelt rust om det ein fører inn er noko anna enn rustfritt.
 
Sist redigert:
Tilbake
Topp