Søkeresultater

  1. A

    Brygge på mask?

    Er det nokon som har forsøkt å brygge på masken? Dette vart ofte gjort i hine hårde dagar for å få meir ut av malten. Kalla tynnøl eller etterpårenn. Ser for meg at ein må halvere vassmengda, og tek gjerne imot innspel.
  2. A

    Dette er ingen test

    ...det er eit rop om hjelp.
  3. A

    Mitt Hansa Premium-øyeblikk

    På hytta etter ein fjelltur. Opnar ein grøn frå Hansa. Smakar og tenkjer. Openbaring. Steikje, dette var faktisk ein god pils. Sterkt undervurdert handverk!
  4. A

    Kinn Gamleguten

    Er det nokon som veit kva humler denne inneheld?
  5. A

    Bryggaren sin skriftetråd - tilgje meg for eg har synda!

    Lat meg vera fyrste mann ut i denne skriftetråden. Eg har slutta å måle gravity. Og det er lenge sidan. Eg målar ikkje før flasking ein gong. Eg veit det; eg har synda. Tilgje meg. Eg brukar notepad kor eg skriv ned oppskriftene mine, og noterar ned framgongsmåten. Eg lovar; eg loggførar i det...
  6. A

    Koriander - malt vs frø

    Kva er tilrådeleg mengde når ein brukar malt koriander versus korianderfrø?
  7. A

    Løsemiddel/neglelakkfjerner - bortgløymt gjæringskar

    Gjæringskaret har stått med gjærkake + nokre få liter slurry i 5 veker. Vart opphavleg sett på gjærkaka av ein kölsch i slutten av april. Når eg no kom over dette karet (som den late bryggaren eg er) måtte eg ta teljing og lufte ut pga intens løsemiddellukt frå gjærkaka. Det har stått i...
  8. A

    WLP001 og US-05

    Dei påstår at dette opphavleg er same gjærstamma, noko eg ikkje får til å stemme. I forsøk på å klone eitt av mine tidlegare brygg, bytta eg ut WLP001 med US-05 og resultatet er lite samanliknbart. No kan det vera vanskeleg å kopiere seg sjølv, men her let eg gjæren ta det meste av skulda...
  9. A

    Skumdannelse øverst i flaska ved karbonering

    Eg har i noko tid vore plaga med skumdannelse øverst i flaska ved karbonering. Dette vert liggande som ei tynn stripe på innsida av flaska også når brygget er ferdigkarbonert. Ikkje i alle brygg, som feks min nyaste kølsch med wlp029, men opplever dette no i hefe og ipa som står på wlp380 og...
  10. A

    Ringnes Julebokk - clone?

    Det er på høg tid å etterlyse clones frå makrobryggeria. Er det nokon som kjenner hemmelegheita bak Julebokken, eller tør komme med ei kvalifisert gjetting?
  11. A

    Humletype - Humlekanon?

    Er det nokon som kjenner til kva humletype som er mest framtredande i Haandbryggeriene si humlekanon? Synest eg har kjent den same florale humletypen i Hansa IPA også. Takk.
  12. A

    Stigande temp i gjæringsforløpet

    Kor prekært er det eigentleg at gjæringsforløpet skjer på stigande temp, så lenge ein startar lågt og undervegs held seg innanfor den gidde optimaltemperaturen?
  13. A

    Risting av gjæringskar etter pitching

    Etter kva eg har lese meg til skal dette stri mot all kunnskap der ute, men i det eg las om WLP002 på White Labs sine nettsider, anbefalte dei sjølv å riste karet kvart 15-30 min i timane etter pitching. Dette fordi WLP002 er særs flokkulent. Dum som eg er har eg naturlegvis ikkje turt å følge...
  14. A

    Eplecider og ølgjær?

    Er det nokon som har erfaringar med bruk av ølgjær til eplecider? I utgongspunktet byrjar som kjend cideren å gjære av seg sjølv, men ein har då eindel smakfull, god gjær liggande som kanskje kan passe til pressa epler òg.
  15. A

    Humleposen sneik seg med i gjæringskaret - dag 1-7

    Eg føretrekk raske bryggeprosessar, særleg når klokka er passert 24 midt i veka. Det var då også tilfellet for omlag ei veke sidan, då eg brygga ein wit. Brygget har gjæra i ei veke, og når eg no løfta på lokket for å sjå til arbeidarane vart blikket mitt fang av humleposen som låg der og flaut...
  16. A

    Krydder - heil og oppmalt - mengde?

    Fekk ikkje tak i heil ingefær og heil koriander. Å bruke oppmala krydder vil eg tru gjev ganske mykje meir effekt per gram, så fins her nokre avkortingsreglar? 1g oppmala for 5g heil feks?
  17. A

    Bra ekstrakt?

    Må innrømme det til tider ikkje passar heilt å gå i gong med all grain. Fins det nokre bra ekstrakt på marknaden, som ikkje medførar særleg kvalitetsforringelse?
  18. A

    Restlager - forslag til brygg?

    Har 5 kg munich mørk 25 EBC og 0,75 kg special B 350 EBC. Har også nokon havregryn i skapet... Av humle har eg 160g admiral, 65g nugget, 50g Challenger, 75g East Kent Goldings, 50g Fuggles og 90g ahtanum. Nokon idéar?
  19. A

    Presse mask og humlepose?

    Mitt høgste utbytte har eg fått ved pressing/skvising av masken, for å presse ut dei siste 3-4 litarane. Humleposane har eg også brukt å skvise kraftig over fleire rundar. Kva er vanleg praksis omkring?
  20. A

    Bryggebutikk mellom Stavanger og Bergen?

    Byrjar og verte slitsamt og hente malt på posten. Er det nokon som veit om ein butikk på sørvestlandet?
Tilbake
Topp