Ægir Sommar

Jepp - det hjelpte å senda epost!

Spørs om tempen er litt i overkant her no til Bock - om eg då ikkje satsar på kjøleskap. Isåfall får det bli ein Indian Sommar Ale ein gong utpå hausten - altså ein ISA.....
 
Tenkte eg skulle omkalfatra den først i kilo og gram først. Her kjem oppskrifta slik den kom til meg frå Elizabeth på Ægir:

89 % Pale ale Malt
12,6 % Wheat Malt
11 % Munich 2
0,9 % black Patent malt

Mesk ved 65 grader og varm opp til 72 grader etter en time

Humle
60 min East Kent Goldings
30 min Tettnang
Whirlpool Galena og Tettnang

Bitterhet er 14,3 IBU

Humle ratio er 1,35 Tettnang:2 Galena: 2 Tettnang Resten av bitterheten kommer fra å justere 60 minut humlen.

Gjær type er WL833 German Bock Lager Gjær Gjærings temp var 12 grader
 
  • Like
Reaksjoner: JEG
Mai = sommarmånad?
-------------------------------------
Astronomisk: stort sett - frå 7. mai - 6. august er det sommar
Meteorologisk: ja - men det spelar vel ei rolle kvar ein bur i dette landet. I Oslo og Bergen er det frå 12./13. mai
Har vi sommartid i mai: ja - den begynner jo i slutten av mars!
--
Konklusjon: Mai er vel stort sett ein sommarmånad.
 
Uannsett, sommerøl eller ei, bra gjort å få plass til 113,5% malt.

Ja - eg har no berre kopiert og limt inn utan noko vidare vurdering av gehalten. Eg får ta ein runde med Ægir igjen.

Ægir er forresten eit rart namn på eit bryggeri som ligg inst i ein vestlandsfjord. Ægir var jo havguden og hav er vel ikkje det ein mest tenkjer på når ein er i Flåm.
 
Her er korrigerte tal frå Ægir.

75,8 % Pale ale
12,9 % Wheat Malt
10,3 % Munich 2
0,9 % black malt

Dagens tal har nok også ein feil ein eller annan stad men no er det berre 1 promille avvik som truleg skuldast at det kanskje skulle vera ein ekstra desimal i prosentreknestykket. Eg trur ikkje eg plagar Ægir med enno ein epost og det går sikkert greit å auka Pale eller Wheat med 0.1 %.
 
Strengt tatt så er også humleskjema ei gåte - spesielt høvet mellom Tettnang og East Kent Goldings...
 
Og bruk av lavalfa East Kent Goldings som bitterhumle.....

Galena er ei mykje brukt bitterhumle i USA
 
Tilbake
Topp