APA - forholdet mellom Amarillo og Simcoe

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Skal snart brygge APA saman med kompis og vi har bestemt oss for at vi skal bruke Magnum som bitterhumle samt Amarillo og Simcoe ved 10 minutts kok, flame-out og som tørrhumle. Eg har ståande ein testbatch på 10. gjæringsdagen der eg brukte 25 % Amarillo og 75 % Simcoe ved flame-out og som tørrhumle (miks Cascade, Chinook og Columbus ved 10 minutts kok). Tanken min var at dette ville gi ein litt friskare, syrlegare aroma enn om vi hadde brukt 50 - 50 Amarillo og Simcoe. Ved testsmaking er eg ikkje sikker. Inntrykket blir forsterka når eg les på bryggselv sine sider om at Simcoe, ved bruk som tørrhumle, kan gi preg av mørke bær.

Spørsmålet mittf går difor til dei av dykk som har erfaring med Amarillo og Simcoe: kva blandingsforhold ville de valgt mellom Amarillo og Simcoe for å få ein frisk og litt syrleg smak og aroma?
(Det er muleg eg ville fått eit anna inntrykk dersom vi hadde brukt Amarillog og Simcoe også ved 10 minutts kok, men det svaret får eg ikkje før eg har prøvd.)
 
100-0, m.a.o. null Simcoe er optimalt etter min smak. Simcoe er tydeligvis alle mikrobryggeriers darlig hop om dagen. Selv synes jeg bare det smaker kattepiss  :eek:ppkast:
 
Takk for innspel, karar! Vil melde erfaringar etter kvart.

Eg har brukt Simcoe i to øl før: ein APA og ein Imperial porter. Begge gongane med stort hell, så den humla liker eg godt.
Kan det vere Summit du tenkjer på, Nordhagen? Den har eg brukt ein gong, aldri meir. Husker ikkje heilt nøyaktig, men meiner at den både hadde eit løk- og kattepisspreg.
 
Nei, det er Simcoe. Nuff said: https://www.google.no/search?q=simcoe+cat+piss&ie=UTF-8&oe=UTF-8&hl=nb&client=safari
 
Ja, då var det ikkje Summit nei. Takk for tipset, Nordhagen. Men sidan ein ikkje kan argumentere mot personlege preferansar (nokon liker dattera, andre liker mora, eg har kome i ein alder der ein kan seie ja takk til begge deler  ;D) og eg har nytta Simcoe med hell før, så prøver eg meg både Amarillo og Simcoe.
 
Tilbake
Topp