Dry / foreign extra stout

FrodeSy

Norbrygg-medlem
Skal brygge ein tørr stout med godt preg av rista malt, bitter sjokolade og kaffi, men som ligg på 5-talet i høve alkohol (derav foreign extra i overskrifta). Er nettopp ferdig med ein versjon sterkt inspirert av Guinness med 22 % flaka bygg, 12 % rista malt og 2 % carapils, resten pale som endte på 5,2 %. Finknuste ristamalten etter tips frå Jamil Zainasheff, men sluttresultatet vart altfor rundt og mjukt - delvis også pga litt for høg mesketemp. Eg er veldig glad i Samuel Smith's extra stout som gir eit endå skarpare preg frå malten sjølv om den berre er på 4,5 % (cask). Eg ønskjer gjerne litt fin munnfylde, men eg vil gjerne ha den godt rista. Ikkje veldig mykje over vanleg, men litt utypisk, kanskje litt i ubalanse. Kan nokon bidra med gode tips?
 
Du kan jo justere den du har. Lavere mesketemp, 2-4% mindre flaket bygg, 2% mer roasted B og 2-3% dark chocolate malt på toppen.
Selv foretrekker jeg langt mindre roasted B da den jeg bruker har EBC på 1500. Legger meg på 6-7% i en dry stout, men da bare i selskap med pale malt og flaket bygg.
 
Har nokon prøvd Stout-oppskrifta i Moderne hjemmebrygging? Ja, den er ei "gamal" og kanskje umoderne (etter dagens standard), men e må seie at den virker litt forlokkande med mykje rista maltsortar, men det blir sjølvsagt noko anna sidan den ikkje har flaka bygg for fylde / munnfølelse.
 
Hvis du lager 25litere så funker det med 150g carafa sp. 3. Jeg pleier å knuse det i kaffekverna og ha i ved skylling på en semikrisp med brentsmak på toppen.
 
Slik eg har forstått det så vil Carafa Special III stort sett bidra med farge og i mindre grad brentsmak. Men eg har aldri prøvd så eg veit ikkje.
 
150g gir en del brentsmak. Men ølen blir også svart som tusj.

Jeg drikker faktisk ikke kaffe selv, så jeg aner ikke. Knuser den på det groveste i en wilfa kvern, har ikke testet det ene mot det andre.
 
Carafa sp 3 er jo dehusked. Vet ikke hvis det er noe forskjell på å kverne malt med og uten skall.
 
Eg finknuste ristamalten i kaffikvern denne gongen, nettopp fordi Jamil Zainasheff har sagt at dette er heilt nødvendig for å oppnå "Guinness-preget". Ut frå mitt øl så gav dette for liten ristasmak. Men dette kan sjølvsagt skuldast andre årsaker enn knusinga, jf. t.d. høg FG, bruk av liten dose carapils.
 
Tilbake
Topp