Feste dørslag til maltrør

Har ein BB30 og bruker dette dørslaget frå IKEA når eg skal skylle då dette passer perfekt til maltrøret. Eg tenker no å sirkulere kontinuerlig under meskinga og vil feste dørslaget på toppen av maltrøret for å unngå at det lekker malt ut i vørteren med dertil problem med malt i ventil/pumpe.

http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/30152346/

Denne vil universalklemma frå Clas vil sikkert gjere jobben på ein god måte, må feste dørslaget på etter eg har fått malten i maltrøret, og det gjer eg medan maltrøret står i varm væske. Spørsmål er om det er dumt å ha to sånne klemmer i varm vørter i ein times tid? Har folk evt andre forslag til klemmer? Eller enda bedre, råtips til silbunn eller liknande som lettere lar seg feste på maltrøret?

http://www.clasohlson.com/no/Cocraft-universalklemme/Pr407211000
 
Topp