Gjæringstemperatur Safbrew Abbaye - forskjell på lav/høg temp?

Eg skal brygge en Delirium Christmas klone (OG 1.072, FG 1.006) og sitter og vurderer gjæringstemperatur. Eg har gjæringskjøleskap så eg kan kontrollere dette ganske godt.

I den originale oppskrifta er det meint å bruke gjærtypane WLP570 og S-04 men eg bytta som sagt til Safbrew Abbaye (BE-256) då eg trur denne vil gjere ein minst like god jobb til denne typen øl. Fermentis oppgir anbefalt gjæringstemperatur 12-25°C, og ideelt 15-20°C.

Det eg lurer på er om eg bør legge meg i nedre eller øvre sjiktet av temperaturområdet - slik eg forstår det vil dette ha noko å seie for utvikling av estere o.l.? Konkrete tips til temperaturskjema tas imot med stor glede. :)
 
Topp