Mango i Andrimne IPA

Eg har (nok ein gang) byrja å spekulere i om eg skal endre noko på oppskrifta etter bryggeprosessen har starta. Eg har no ein spennande Andrimne IPA på gjæringskaret, brygga den for to dager sidan. Mengden Cascade vart for liten så opprinnelig humleskjema:

Cascade 90g - 90 minutt
Cascade 45g - 15 minutt
Cascade 55g - 15 minutt
Cascade 55g - tørrhumle

vart bytta ut med:

Cascade 90g - 90 minutt
Cascade 45g - 15 minutt
Cascade 65g - 5 minutt
Simcoe/Citra - tørrhumler med det eg har igjen, samla sett minst 55 gram, tipper eg har nærmare 100g liggande.

Fire spørsmål:
1. Eg tenker at ein med Citra/Simcoe vil få ein ganske fruktig humlesmak. Eg ser at fleire på forumet har brukt frukt som tilsetning for å få endå meir fruktighetssmak på ølet. Er det ein "god idé" å gjere dette med denne IPAen, evt med IPA generelt? Bør eg holde fingrane av fatet?
2. Nokon innvendingar mot å bruke Citra/Simcoe? Kva er passande mengde for tørrhumling?
3. Kor mange dagar tørrhumler folk? Ønsker både smak og aroma i passe mengder.
4. Kor mykje fruktpuré per liter?
 
Sist redigert:
Lagde en IPA med Citra og Mandarina nylig, 50/50 av hver. Magnum som bitterhumle@60min, deretter 15min og 30min/80'C Hopback, og en solid mengde tørrhumle 5 dager før flasking. Tok til side 25 liter av denne og tilsatte 2 pakker mango, tilsvarende du har over altså 2kg. Har såvidt begynt å smake på disse og kjenner eg kunne holdt litt igjen på mangoen, prøver 1.2-1.5kg neste gang.

Det står ikke mengde øl i oppskrift over, men regner med 25L? Ville isåfall holdt litt igjen på bitterhumle, kommer jo an på IBU du ønsker, men ser ut som det blir rikelig... Ellers holder det å koke bitterhumle i 60min. '

En ide kan jo være å lage 50/50 med fruktpure og uten, kjekt å kunne sammenligne og kjenne forskjellen på samme ølet med en frukttvist...
 
IPA'en er allereie i gjæringskaret så bitterheita blir det ikkje så mykje å gjere med. Takk for tips likevel. :) Tenker nok å dele batchen i to deler som du skriv, så har eg eit samanlikningsgrunnlag for å sjå om mangoen var verdt det.

Beer and Wine journal anbefaler 100g frukt per liter IPA, om eg deler batchen i to deler på 12 liter så legg eg meg litt under det. Blir spennande det her!
 
Ai ai ai! Då den var blodfersk etter karbonering minna øla meir om ein cocktail med mangojuice og IPA 50/50, men etter to-tre veker til på flaske har mangoen gitt slipp på dominansen og bidrar no berre med god aroma og ein fruktig bitterhet. Anbefales!
 
Topp