Om pils, W34/70, utgjæring og diacetyl

Sette ein Gahr-inspirert pils på to rehydrerte pakkar 34/70 som har gått i elleve dagar på ti regulerte grader. Kosar meg med den generøse hydrometerprøven. OG 1045, SG no 1012. Slik eg meiska så ville ein passeleg koloni med US-05 gitt ein utgjæring på nokon og åtti prosent.
a) Kva trur de eg kan forventa av utgjæring med 34/70?
b) Eg kjenner eit hint av det eg trur er diacetyl. Rettnok ikkje meir enn i ein del kommersielle austeuropeiske øl, men likevel ein defekt. Skulle gjerne sett spannet på ryddesjau på 15 grader eller meir, men ØKH vil ikkje ha spann i slike deler av heimen. Kjem gjæren til å rydda opp etter seg på dei tolv gradene eg klarar å gi han?

Takksam for svar av de som har gjort slikt før...
 
Tilbake
Topp