Ønskes kjøpt: Kokekjele med kran, 30-40 liter

OlaM

Norbrygg-medlem
Hei,

eg bruker for øyeblikket ein 19-liters kjele for å koke ekstraktbrygg. Eg kunne tenkt meg å oppgradere til ein kjele på over 30 liter for å kunne koke heile batchen (20-25 liter ferdig øl). Kjelen må også kunna brukast på induksjonsplate.

Eg vil også ha ein kjele med kran for både tapping og mulighet for å pumpe under kjøling (ref http://www.mrmalty.com/chiller.php).

Ettersom det snart er ein god del som bytter ut sin kjele med Beer Brew 30, tenkte eg at dette var eit godt tidspunkt å kjøpe brukt på.

Fortrinnsvis er eg ute etter noko i Bergensområdet for å spare frakt, men dersom prisen er rett, er eg villig til å betale frakt også. Eg må heller ikkje ha kjelen no, men dersom det ikkje er nokon som viser interesse for å selge meg sin kjele når dei får sin Beer Brew 30, bestiller eg ein ny snart. Eg tenker at eg då vil få kjelen ca samtidig som om eg kjøper brukt frå nokon som bytter ut sin om nokre veker.

Maks pris: 1000 kr.
 
Europris i Åsane har 36 liters alu kjele i helt grei kvalitet, koster rundt 450kr. Må ordne tappekran selv. Denne funker kun med gass/varmeelement/komfyr. Eg har samme i 30 liter, men ser at 36 hadde vært mye bedre for å kunne lage 25 liters batcher (eg må begynne kokingen i to kjeler).
 
Tilbake
Topp