Speidel - nokre refleksjonar

katla

 
Eg har ei god stund brygga med 3 kjelar - meskjekjel, kokekjele og ein kjel for å varma skyllevatn. Dette har laga godt øl - betre og betre faktisk etter kvart. Ulempa er at om ein bryggjer ein ettermiddag så blir det fort seint på kveld og tidleg natt før ein er ferdig med alt - inklusive vasking. I tillegg er det mykje transport opp og ned i kjellar og det har vore relativt tungvint. Tid er også mangelvare.

Eg har derfor valgt å prøva eit meir automatisert system som er meir alt-i-eitt. Det kunne jo vore kjekt å laga det sjølv men ein skal ha tid til det også. Og så har endring i vaskeromssituasjonen i kjellaren gjeve meg mulighet til å få meg ein liten bryggjekrok der slik at det blir mindre transport.

Så dermed vart det ein Speidel Braumeister og eg slo like godt til på ein 50 L. Eg skal iallefall gje han ein sjanse. Då eg bestilte den var eg litt kjapp på labben og det gjekk ikkje mange dagar før eg i Nuremberg såg at det var ein ny versjon på veg - men det var eg altså for kjapp til.


Første inntrykk

Då eg var i Nuremberg på messe var folka frå Speidel veldig kry av at dei hadde så godt polert stål. Det var lettare å vedlikehalda. Akkurat det må eg sei meg enig med dei i - Stålet i speidelen er høgglanspolert - det er så blankt at ein lurer på om ein nokon gong får det så blankt igjen om ein tar til å bruka den.

Det neste eg ser er at varmespiralen verkar å vera relativt lang = lite wattstyrke pr. cm2 - det er absolutt eit pluss.

Montering av instrumentpanelet er eg ikkje imponert av. Denne modellen er såpass høg at den må kanskje maks stå 50-60 cm over golvet og dermed må ein sitja på huk når ein skal stilla den inn.

Kranen - vel den har både positive og negative sider og eg har vel lest både pro & contra om den her på forumet før. Eg endte raskt opp med å skru på ein krane med litt betre gjennomløp - så får den heller stikka litt ut - eg kan alltids setja eit bend på den og f.eks. la den heller stikka ned.


Reingjering før bruk

Den luktar litt av olje a la symaskin så det vil eg helst ha bort - så her må det litt vask til.

Eg brukar ein skvett zalo og ein god dusj og set igang med ein rask vask. Og raskt støter eg på eit lite "problem". Den går ikkje an å tømma - det blir ståande vatn i den over varmeelementa. Ein slik diger dings er ein jo ikkje så lysten på å kvelva for å få ut vatnet - eller kappseisa som min far brukte å sei. Einaste opsjonen ein då har er å skru av pumpemotoren for å gjera dette. Akkurat det er ikkje så veldig praktisk at det gjer noko. Pumpemotorane er også montert i bakre del og dermed må den snuast rundt sidan den står inntil veggen og ikkje har noko vidare plass på sidene heller.

Før eg har brukt den ser eg altså at eg må gjera meir tilpasningar av den - eg vil helst kunna spyla den rein på ein slik måte at alt helst renn ut av seg sjølv.

Alternativ A er å laga ei gjennomføring i botnen for å kunna laga noko for å tappa. Alternativ B er å kobla seg på røra til ei av pumpene og laga seg ein avløp den vegen. Eg vel alternativ B for ein vil jo helst ikkje setja stegboret i noko så blankt og fint utan at ein må det.

Dei som monterar Speidelen brukar gjengelåsingsmiddel (og eit bittelite snev teflontape kunne det sjå ut til til). Eg ser det er slikt blått gjengelåsingsmiddel i litt overskudd inne i pumpehuset - vi får håpa det ikkje set smak eller er noko vi ikkje vil ha i oss om det skulle løsna. Eg forstår jo at dei gjer det - då kan dei stola på at pumpene står slik dei skal og at rørdelar ikkje løsnar så lett. Ulempa er at gjengelåsingsmiddelet er frykteleg sterkt og det er ikkje alltid lett å løysa to delar frå kvarandre - noko eg måtte her.

No er det greit å løsna pumpemotoren frå pumpehuset og så går det også relativt enkelt å løysa tippunionen på begge pumpefestene med ei lita vannpumpetang og dermed er også pumpehus og armane laus. Det var noko meir arbeid å løsna det eine 90 graders bendet som var låst fast i pumpehuset - men det gjekk med ei skrustikke og ein stor skiftesnøkkel.

Heldigvis har eg kort veg til det meste av rørdippeduttar i syrefast stål og med ein avkorta rett nippelstubb, eit T-ledd og ein slangenippel og ein silikonslangestubb (med krane i andre enden) - så har eg funne noko som eg trur kan funka - iallefall i første omgang. Eg monterar dette på INN-sida på ei av pumpene - så får eg heller huska å la det fyllast med væske slik at det ikkje kjem luft frå denne slangen inn i pumpehuset - speidelpumpene likar ikkje det så godt.

Ein ulempe med denne løysinga er at eg må passa på å tappa litt vørter gjennom den på slutten av koketida for å sikra at det som er i slangen er sterilisert - det vil alltid stå væske i den når det er væske i speidelen

Tips til Speidel: Speidel burde ha laga ein mulighet til å tappa i botnen av speidelen. Gjerne i 3/4" full port slik at det går raskt å dumpa alt botnfallet som oppstår under koking når ein reingjer den.

Så langt har eg altså gjort 2 modifikasjonar før eg tar den i bruk.

Vedlagt bilde av frå undersida FØR og ETTER montering av avløp.
speidel01_1000.jpgspeidel02.jpg speidel03.jpg
 
Sist redigert:
Alt dette før du i det hele tatt har brygget.

Lurer på hvor mye det ville kostet å selv laget en speidel som fungerer slik en selv vil at det skal fungere.
 

katla

 
Funkar sikkert for mange. Ikkje så praktisk når toalett er i etasjen over/gjennom 5 dører. Det er uansett mykje enklare å berre opna ein ventil. Og 50 literen er no litt stor å flytta på - 20/10 literen derimot er både lettare og enklare å gjera slikt med.

Mitt poeng her er ikkje å vera ein surpomp og sabla speidel nord og ned - eg forsøkjer å sjå om det er noko som kan gjerast meir funksjonelt for meg og eg er så fri at eg kanskje også inkluderar at det kan vera greit for fleire. Som du ser så har også Brekke observert at plassering av panel er lite funksjonell for han. I 20 literen - som kan stå på ein benk eller iallefall mykje høgare - så er det greit at panelet er der det er og for 10 literen er det ennå greiare - i 50 literen er det kanskje mindre praktisk.

Panel = speidelen sin potensielt 4. fot
Såvidt eg forstår er det fleire som bryggjer som kanskje bikkar speidelen litt for å få ut fleire dropar av den. Slik som panelet står montert er det kort veg til at belastninga kjem på dette panelet og ikkje på beina på den. Det er heller ikkje praktisk. Og med den nye designen så vil dette fungera ennå dårlegare sidan det stikk ut like mykje som sida i speidelen. Dei som gjer slikt har kanskje klossar under beina - det vil iallefall sikra at panelet ikkje blir ny og dårleg fot.
 
Kan du ikke tømme det i ei bøtte da?

Det med panelet har du nok rett i, men det blir en god del trub i bunnen, så jeg har aldri hatt behovet for å helle så mye på den. Jeg bruker å la det tømmes til det stopper ved at det kommer i nedre kant av kranåpningen, og så tippet litt på speidelen. Jeg har et avdanket tv-bord som speidelen står på. Det er så høyt, at et 60-liters fat akkurat går under.
 
Har selv 50 literen og aldri hatt problem med belastning på panelet. Men ser fordel med drenering under speidelen når en skal vaske den også fordel med panelet et høyere sted så en slipper å sette seg ned for å programmere den.

Håper dette er noe som er rettet i det nye panelet at man kan sende inn alle parametrer via wlan og kun trykke start for å starte programmeringen.

Easybrew
 
panelets plassering er litt klønete ja.. men ikke så klønete at jeg har valgt å gjøre noe med det. Når det kommer til tømming av avfall etter kok, så gjør jeg som Ole.. Har ikke noe sluk å slippe det rett ned i.. da måtte det i så fall uansett gå via en bøtte.

noen som vet hvor mange liter 50 literen rommer under krannivå? Har ofte 50-ish liter i speidelen etter nedkjøling, men får skjeldent mer enn 42-43 liter i gjærkaret.

Men veldig gøy å se andres modifikasjoner. Det er individuelle behov alt etter hvilke fasiliteter man har i bryggerommet.


Sent from my iPad using Tapatalk
 

Kristian Andreassen

Norbrygg-medlem
Sist brygg med mye humle bikket jeg ikke på 50L-speidelen og helte over i gjæringsspann for å sjekke antall liter da jeg selv har lurt på dette. Det er 8L igjen under kran nivå. Trub ble så satt kaldt i 24h og jeg fikk 3 liter klar vørter. Tok ikke sjansen på å helle dette sammen med resten, så fikk det på 5-liters erlenmeyer kolbe og testet ut wlp830 på IPA'n.
 
Sist brygg med mye humle bikket jeg ikke på 50L-speidelen og helte over i gjæringsspann for å sjekke antall liter da jeg selv har lurt på dette. Det er 8L igjen under kran nivå. Trub ble så satt kaldt i 24h og jeg fikk 3 liter klar vørter. Tok ikke sjansen på å helle dette sammen med resten, så fikk det på 5-liters erlenmeyer kolbe og testet ut wlp830 på IPA'n.

Fiffig! Det skal jeg teste neste gang! Her kan man jo eksprimentere i det vide og brede uten risiko. I like!


Sent from my iPad using Tapatalk
 

katla

 
Første brygg er gjennomført. Damphetta er ikkje mottatt enno så det vart i overkant med damp og dunst.

Funka veldig greit med tilkoblinga eg gjorde for avløp frå pumpa. Speidelen sto på plassen sin når eg reingjorde den. Bilete kjem seinare når eg har betre tid.
 

OrjanP

Norbrygg-medlem
Nå har jeg ikke bilde tilgjengelig men vår står på et MC-løftebord og kan dermed heves og senkes. De to fremste bena står helt på fremkanten og den kan dermed vippes nok uten at panelet tar i. Har forøvrig også savnet bunntapping og nivåglass. Mulig vi får mekket til noe etterhvert.
 

katla

 
Eg har den også stilt på framkanten av bordet den står på. Då eg brygga igår og tappinga stoppa opp - la eg først ein 1 toms trekloss under for å løfta den i bakkant slik at eg kunne få meir vørter ut. Og det blei til slutt to slike klossar slik at eg fekk tynt ut 50+ liter av den.

Eg har forresten latt både ventilator og løfteblokk vera montert på ei skinne i taket - med kvar sin løpekatt. Dermed at eg kan flytta ventilatoren når eg skal heisa opp meskekaret og eg kan flytta meskekaret sidelengs til ein stamp. (Eg visste den skinna med løpekattane kom til å koma vel med før eller sidan - den har stått i kjellaren og venta på oppgåva si i over 20 år... Direkte populært med slik forhåndslagring av denne og anna - det er det ikkje).

Totalt sett: ein enklare bryggedag. Ikkje frakt av kjelar og induksjonskokeplater og mange andre remedier - inklusive fulle gjæringsbøtter - mellom kjellaren og etasjen over. Enkel å reingjera. Eg saknar kanskje litt fjernalarm. Kanskje det går an å kobla seg på det som pip inni kontrollboksen for å få anledning til å få ein alarm når den skal ha litt "TLC"?

No er det berre å venta 14 dagar på resultatet.
 

Leif RBE

Norbrygg-medlem
Fantastisk at du har fått deg Speidel 50 Katla :) Jeg merker det allerede i den synske "click-to-buy" fingeren min at nettbutikken din vil komme med en mod eller 2 som jeg bare MÅ ha

Det med t ledd og drenering ved pumpa jeg fundert på lenge, gjerne med en kuleventil og quick disconnect. Og kanskje en kjølespiral tilpasset damphetten!
 

katla

 
Det står enno att å smaka på dei to øla eg har laga - eg har fått godt øl i 3-kjelarsbryggeriet mitt så vi får sjå. (vel - eg må medgje at eg har ein tendens til å eksperimentera litt på kvart einaste øl eg bryggjer så noko direkte samanlikning vert ikkje mogleg). 50 literen var no eigentleg litt i største laget for meg men eg har no omsider fått meg eit kort maltrør så då kan eg også leka at den er 20 liter.

Eg ser det er enkelte som "kjører pumpa manuelt" men det er så langt meir enn eg maktar. Eg må medgje at eg ikkje heilt har fått lest heile pamfletten frå Speidel- korkje den engelske eller tyske (ein kunne vel kanskje ha tenkt seg den på norsk? ) så det er nok der problemet kanskje ligg - brukargrensesnittet er vel ikkje akkurat på nivå med det Apple greier å få til heller så den vanlege metoden min - å ha kjøra igang utan å lesa bruksanvisninga - den funkar ikkje heilt her.

Så mi løysing på whirlpool var at eg kobla på ei speidelpumpa på kranen og pumpa det gjennom whirlpoolrør som eg festa i sida på speidelen. Pumpa er forresten ein bastard du ikkje kan kjøpa sånn utan vidare - den har impelleren frå ei vanleg 9 watt speidelpumpa (av xylem typen) og så brukar eg motoren på den største pumpa frå xylem (som ser heilt lik ut) og den er på 27 watt. Kan ikkje kjøra den på full guff for då blir det berre tull men eg greier no å kjøra den på 4-5 så den er nok ein god del kraftigare enn 9 wattaren.

Å laga whirlpoolrør som er tilpassa hetta er forsåvidt ein ide - det same kan vera armane på kjølaren.
 

OrjanP

Norbrygg-medlem
En vinner hadde jo vært t-rør med QD hann for bunntapping, bare å koble i en tappeslange med hunnkobling når det er tid for vask og rens.



Sent from my iPad using Tapatalk
 
Topp