Troubleshooting astringens

Heisann

Eg treng hjelp for å finne ut kva eg gjer feil her. Eg har no brygga same brygget 5 gangar. Det er ein smash med red-xmalt og NZ humle.
Eg har eit enkelt biab opsett meska med 15 til 20 literog heiv på vatn etterpå der eg ikkje skylte.
Dei to første øla vart gode, men så har det kome ein astringent/metallisk smak å ølet.



Brygg 1:
9 kg malt - 27 liter på dunken 4x 25 g pacific gem (60-15-5-1min)
gjær wlp007
ingen skylling (vart kjempegod)

Bygg 2:
8 kg malt - 25 liter i dunken 4x 25g galaxy
skylte med ca 5 liter vatn (heilt grei)

Brygg 3:
8 kg malt  1x pac gem 5x motueka (15-5-1-tørr)
safale 04 + wlp007 -skylte med 10 liter
(smakte veldig astringent)

Brygg 4 og 5
7kg malt + 4 x riwaka
gjær burton og safale 04
skylte med rundt 10 liter
(veldig astringent i tre veker, så vart den nesten "normal")

1.
Det eg lurer på er om det kan vere skyllinga, for eg veit ikkje heilt korleis ein gjer det, og blir litt utålmodig.
Eg legg posen med malt i eit gjæringskar og slær vatn over ganske raskt.
Men eg laga ein stout og ein rug ipa på same måte -dei vart normale

2.
EVt. kan det vere infeksjon?

3.
Evt. kan det vere mangelen på karamell-malt? Har eg fått til gjæringa slik at ølet bir for tørt? Har OG på 1012, frå 1060.

4.
Kan det vere malten? Ein kompis seier han får allergisk reaksjon av ølet. Har red-x fargestoff i seg etc, som blir astringent?

5.
Har denne new zealand humlen usmak, eller kanskje Motueka og Riwaka er for svake? Har Galaxy og Pacgem maskert usmaken tidligare?


Sikkert vanskeleg å svare basert på desse opplysningane, men set STOR pris på tips korleis eg kan forbetre prosessen.
 
Rogerlight skrev:
1.
Det eg lurer på er om det kan vere skyllinga, for eg veit ikkje heilt korleis ein gjer det, og blir litt utålmodig.
Eg legg posen med malt i eit gjæringskar og slær vatn over ganske raskt.
Men eg laga ein stout og ein rug IPA på same måte -dei vart normale

Jeg holder på alternativ 1.

Hvis man skyller for raskt, et problem med BIAB fordi man ikke kan justere avrenningen, kan pH i mesken stige for mye og man risikerer å vaske ut tanniner fra malten som vil gi astringens.

Løsning: hvis du har et pH-meter, juster skyllevannet ditt med melkesyre til pH 5,2 før du skyller over malten med det. Da kan ikke skyllevannet trekke pH opp over 5,2 og man unngår problemet. Hvis du ikke har pH-meter, kjøp et billig på ebay eller et dyrt i Norge, det er et verktøy alle bryggere har glede av å ha.

Hvor varmt er vannet du skyller med? Hvis det er over 80C kan det også være synderen.
 
Takkar og bukker, det skal eg gjere!
Har tilgang på pH meter, så det skal brukast.
ps..
Kva viss eg hive vatn rett opp i gryta, altså fylle opp gryta med posen i, før eg tek ut posen. Kan det vere eit alternativ, eller må ein uansett justere skyllevatnet?

eg har god kontroll på temp med checktemp..
 
Rogerlight skrev:
Kva viss eg hive vatn rett opp i gryta, altså fylle opp gryta med posen i, før eg tek ut posen. Kan det vere eit alternativ, eller må ein uansett justere skyllevatnet?

Det vil nok hjelpe, men du vil nok få litt lavere utbytte enn ved å skylle som du pleier. Husk å måle pH i skyllevannet og justere pH på det når det er romtemp, og ikke 80C ;)
 
Dette er verdifull informasjon, takk so mykje! One last thing: Kanskje eg framstår som ein litt lat brygger her, men kunne eg jukse med å tilsette 5,2 stabilizer i mesken :) ?
 
Rogerlight skrev:
Dette er verdifull informasjon, takk so mykje! One last thing: Kanskje eg framstår som ein litt lat brygger her, men kunne eg jukse med å tilsette 5,2 stabilizer i mesken :) ?

Jeg har aldri brukt 5.2 :) Noen sier at det funker tilfredsstillende, andre sier at det ikke fungerer så bra.
 
Då har eg brukt melkesyre og problemet er løyst! Bittelitt melkesyre ph ned mykje, men det har ikkje ført til usmak på noko vis. Brukte også litt gypsum i same slengen, og innbiller meg at det har heva humlesmaken mange hakk. Eg har også slutta å bruke vatnet frå vassverket, og istaden henta vatn frå ei "oppkome." vi slit litt med brunt vatn på vestlandet, og gamlegutta brukte berre slikt brønnvatn. Snart tek eg vel i bruk gamle meskekaret frå 1700 talet og som vi har på garden :) Eg innbiller meg at dei laga godt øl i gamledagar, men det er ein annan diskusjon ;)
 
Tilbake
Topp