Eg held på med å rota ihop noko a la BeerBrew30 men basert på ein annan vasskokar - Burco C30HSTF. Denne har som BB30 varmelement under botnen - men det er på heile 3KW - syntes det høyrdes smart ut då eg bestilte kokaren (- jo fortare oppkok jo betre tenkte eg etter erfaring med koking i panne på dårleg keramisk ovnstopp)
Eg skal montera PID og pumpe i denne og satsar på å laga meg eit minibryggeri - ein slags manuell bryggjemeister. Er tanken iallefall.. Om den skal pumpa opp eller ned i meskekaret - det får eg vurdera litt - er ikkje så sikker som enkelte påpeikar at Speidelmetoden med å pumpa opp er betre enn ned - det kjem vel an på kor fort det pumpar..
Ser at eit par av dei som har kjøpt og prøvd BeerBrew30 har opplevd fastbrenning i botnen av kokekjelen.
Nokon som har ide om kva som er årsaken til denne fastbrenninga - er det partiklar frå mesken som brenn fast i botnen under meskinga eller skjer det under koking av vørteren (det er vel då det er mest varme der)?
Og korleis er det for dei som har Speidel Braumeister - dei har varmelement inne i kokaren - dei må vel også få fastbrenning på sitt element om det er vørteren?