Eg ville hatt nibsene i whirlpool eller i sekundær fermentering (eller begge) for å unngå at for mykje fett løyser seg opp i ølet.
Mengde er eg meir useker på, eit gram eller to pr liter kanskje?
Det er fleire måtar å gjere dette på. Man kan koke opp kaffi og ha i vørteren, andre eg kjenner svergar til Instant Coffee i vørteren. Eg foretrekk ein god kaffi brygga på french press tilsett etter gjæring, og gjerne etter crash cool. Eg tykkjer dette gjer den "reinaste" kaffismaken.
Gjæra er ikkje det fyrste eg ville ha sett på, eg har gode resultatar med S-04.
Eg ville heller bytta ut humleprofilen, alt etter korleis man likar sine humla øl.
Personleg tilset eg berre ei lita mengde bitterhumle, og så pøser eg på med humle alle andre stadar temperaturen er låg, dvs humle...
Kollega brukte i 25 liters batch saison:
5 g schezuan 5 min
5 g i sekundær, lot det stå nokre dagar før han smakte på det. Endte med at han putta 5 gram ekstra i, og det vart visst nok ekstremt godt.
Eg har gode erfaringar med Orval, Cantillon og 3 Fonteinen. Fungerer som hakka møkk. Tilquin bør nok gå fint det og, og dei er vel litt meir tilgjengeleg i Noreg samanlikna med Cantillon og 3 Fonteinen? Elles har jo Systembolaget ei rekke fine belgiske surøl, for dei som kan ta seg turen inom...
Eg har diverre inga praktisk erfaring i å brygge med pepper, men det kan vel la seg gjere med minimal koketid. Eg ville vel heller hatt pepper i sekundær for å ha litt meir kontroll på det. Mengdemessig trur eg ikkje det er så mykje det er snakk om, men alt dette er berre tanker og synsing frå...
5 kg humle skapar mykje trykk når man tørrhumler ein tank. Man skal ha tunga rett i munnen og kvikke hender for å nå å lukke luka til tanken før man står midt i ein humlefontene på toppen av ein trappestige. Humle svir godt i auga, men man dufter godt når man kjem heim til kjerringa.
Brukte denne i ein farmhouse med rips og solbær i Juli i fjor. Var ute etter ein standard saisongjær, og fann denne på Maltbazaren. Ante ikkje kva det var ved det tidspunktet, og då det ikkje ville slutte å boble i gjærlåsen, måtte eg google litt. Skal være ein blend med ein saisongjær og brett...
Mi erfaring er at så lengje ølet har ein del alkohol, så er det berre å helle bæra rett ned i karet, dog eg har kun hatt bær i surt øl.
Man bør nok vere litt varsam, men man mister altså litt smak frå bæra når man frys dei.
Smaksmessig ville eg nok gått for grøn eller rauede pepperkorn. Dei er litt mildare enn sorte og kvite, og litt meir parfymert. Trur grøne passar utmerket saman med korianderfrø og bitter appelsinskal. :)
Heile korn, rista litt i ei tørr panne for å få fram litt meir aroma, kanskje.
Har fått kloa i ein tube med denne gjæra, og er særs interessert i gjæringstemperaturane. Har høyrd at den bør gjærast rimeleg høgt (30C-ish). Nokon som har tanker/meiningar om dette?
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.