Det samme har skjedd med min Nøgne Ø saison-klone. Gjæren har jo generelt oppført seg litt merkeleg i denne (WLP400). Skum i halsen på flaskene mine og, og topplaget i gjæringsbøtta ville ikkje legge seg heller. Eg har målt FG frå karbonert flaske etter at eg har rørt ut kolsyre, og den hadde...
Har du smakt på den? Viss du ikkje treng gjæringskara til noko anna, er det vel interessant å teste korleis det blir. Sikker bra at OG vart høgre enn i oppskrifta, for det blir vel kraftige saker med så mykje sjokolade.
Her er ein kalkulator som fortel kor mykje vatn du kan tilsetje for å få ynskt SG. For å få 18 liter med og 1.055 til å gå til 1.050 kan du tilsetje 1,8 liter vatn.
Problemet ditt er truleg at du ikkje har funne effektiviteten i bryggeriet ditt. Har du lagt inn resultatet av brygginga i ein...
Du skreiv to veker i startposten. 1-2 veker er vanleg å rekne med, litt ettersom. Lengre tid på veldig sterkt øl, eller om det skjer på låge temperaturar.
Viss det berre har fått ei veke hjå deg kan det hende det er meir å hente. Her er ein post om CO2 av ein som veit meir om det enn meg...
Tja. 5 gram/l er mindre enn mange brukar til pale ale. Det vil ikkje gje voldsomt med kolsyre. Temperaturen ved gjæring og priming vil spele inn. Viss ølet har stått i rundt 20 graders temperatur, får du truleg ikkje noko meir kolsyre no, viss du ikkje har køyrd ein voldsom coldcrash eller noko...
Eg brukte eit røyr i ein startar på 1,5 liter på magnetrørar til 20 liter øl. Det funka greit. Kom ikkje ned i same FG som i oppskrifta (1.010 vs. 1.012) , men eg har heller ikkje utstyr for oksygenering. Kjem jo an på kor fersk gjær du får tak i og.
Høgare temperatur på gjæringa vil gje meir...
Er det normalt å få kraus på toppen av flaskene ved flaskekarbonering? Eg har ikkje tenkt over det før, men det er og fyrste gong eg brukar WLP400. Etter 1 1/2 veke har eg eit lag på 3-4 mm. Det vart nok med ganske mykje gjær frå gjæringsdunken når eg tappa over. Karboner med 9 g/liter sukker...
Viss det smakar godt i tillegg, ville eg gjort eit forsøk, men eg har ingen praktisk erfaring med noko slikt. Viss det er ein gjær med høg flokkulasjon, kan det hende det er lurt å tilsetje ny gjær for karbonering.
Har du lese @joques sin artikkel: Et lite kurs i vannjustering ? Her er eit utdrag: For å finjustere ølets sødme kontra friskhet. Nå snakker vi veldig finjustering, altså. Men klorid-ioner i vannet fremmer sødme, mens sulfat-ioner fremmer humlefriskhet. Når man skal tilsette den ønskelige...
1./2. Lervig har vel alle tre i sin White IPA, og det funkar jo bra. Dei brukar kvit pepar, veit ikkje om den er heil, men ville rekna med det. Mengda står i oppskrifta.
3. Du har vel kanskje lest artikkelen på medlemssidene?
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.