Dip tube for meske kjele. Plassering ?

G.Richard

Norbrygg-medlem
Hei.

Skal endelig få meg en dedikert MLT med silbunn og dip tube. :)

Så til valgets kvaler; skal bruke en katla silbunn, men hvor er det best å plassere enden av dip tuben ?
Langs kanten slik som blichmann? eller i midten?

Hvis jeg kjører Blichmann prinisppet, må jeg tette hullene i silbunnen rundt gjennomføringen til silbunnen, slik som det er på blichmann?

Kjør debatt :)
 
Blicmann bruker vel ei skive til å tette rundt røret som går ned under silbotnen og det gjer det sikkert fordi holet i silbotnen er overdimensjonert. Om du ikkje overdimensjonerer holet så treng du ikkje dette.

Ellers vil eg påstå at det spelar lite rolle kor du plasserar holet når du har ein kjele med flat botn. Tidlegare kunne ein kjøpa labb-dunkar og mange brukte dei til mesking sidan silbotnen til ein 36 liters kjele passa godt i labb-dunken. Men botnen i labb-dunken var ikkje plan så der måtte ein velga om ein skulle henta vørteren ut frå midten eller frå ringen som gjekk rundt langs kanten.

Det blir vel også lettare å få rørt i mesken nede mot silbotnen om du plasserar bendet ved gjennomføringa.

Pickup-tubar og avsug har også litt forskjellig skrumekanisme. Eg har til dømes ein variant som eg set ihop sjølv og den brukar ein 3/8" klemringskobling med 1/2" NPT i eine enden. Sidan denne er basert på dei vanlege kjølerøra eg lagar kjølar av kan eg laga den i forskjellige lenger. Den beste løysinga er avsuget som kjem frå Blichmann og har eit svart silikongrep. Der er det ein mutter som du skrur på hannkoblinga på innsida av kjelen.

Forskjellane på dei to er at den med klemringskoblinga ikkje per se er laga for å skruast rundt medan røret står i ro under silbotnen - Blichmannavsuget derimot kan setjast ned i holet og så skrur ein mutteren inn på gjennomføringa. (og for dei som har ho på innsida i kjelen - så må dei isåfall bruka ein nippel som overgang for å kunna bruka denne varianten).

Blichmann brukar vel sjølv ei anna løysing i sine meskekjelar der du ikkje må skru noko - du trykkjer den vel berre inn. Dette krev litt gangrom og det gjer vel at holet i silbotnen er litt overdimensjonert.
 
Tilbake
Topp