Hansa 365-ish?

Eg synes 365 er eit veldig vellykka produkt, både lett og overraskande smaksrikt til å vera mellomting mellom lettøl og industripils. Det næreste er vel svenskane sitt mellanøl? Uansett vil eg gjerne setja opp ei oppskrift som lignar på dette. Smaken tyder på ganske mykje lys crystal, men kor mykje? 15%? Eg tenkjer elles pilsmalt til 1035 og bruka to pakkar med Saflager 34/70 på ti kontrollerte grader. Og så tenkjer eg å humla litt meir generøst enn Hansa, eg tenkjer Saaz og/eller Hallertau Mittelfruh. Kva meiner de som er drevne i lagerfaget?
 
Tilbake
Topp