Oppsumering av bryggekarriere

Endeleg føler eg at eg verkeleg er komen godt i gang med bryggjinga. Eg har laga 11 øl sidan februar, og merkar at eg vert betre og betre etter kvart. Til no har oppskrfter anten vore skot i blinde, eller så har eg kvilt på Torvald og Robert Smith-Hald. (sistnemnte ikkje veldig aktiv på forumet). Eg har diverre ikkje vore flink til å loggføra, men eg håpar dette endrar seg etter at eg no  har gått til innkjøp av Beertools. Då eg byrja å bryggja var IPA det einaste som stod i hovudet mitt. Etter kvart er eg komen til at eg er vorten særs anglofil når det gjeld ølpreferansar. ESB har teke over for IPA, medan Irish Stout er ein god nummer to. Det eg trur eg likar med desse "engelske" øltypane er ein slags nøtteaktig og brødaktig kvalitet. Eg har ei oppfatning av at dette er grunna val av humle: EKG og Fuggles. Har de andre brødsmak i ølet? Er det nokon som veit om denne kjem av maltsamansetnad evt mesketemperatur heller enn humle? Eg er i alle fall særs nøgd med utfallet... Eg erkjenner at eg kan bli mykje flinkare når det kjem til å pitcha rett mengde gjær og gjæringstemperatur. Fokus framover vert å få kjøpt seg ein frysar, og pimpa denne opp med tretopp og kanskje custommade tappetårn. På sikt skal eg ha stoutkrane og beergas og. Eg vil berre retta ein takk til alle dykk på forumet som deler på kunnskap utan tanke på eigen vinning.
Helsing ein særs nøgd ølbryggjar,
Roffe
 
Tilbake
Topp