Bernts, det veit eg. Dette er snakk om primærgjæring, 100% brett. Gløymde å spesifisere. Tenkte det var interessant fakta, ettersom eg hadde trudd det ar lengre.
Fekk forøvrig snakka ein del med Chad Yakobsen sist veke. Han meiner at den optimale gjæringstida for Brett er mellom 30-45 dagar. Skal du la det stå lengre bør det vere ein grunn til det, td lagring på eik e.l.
Berre la det stå på plast, null stress. Brett formar ein pellicle på toppen som ein forsvarsmekanisme mot oksygen. Berre ikkje røyr meir i vørteren, og la den stå. Eg har aldri hatt problem med eddiksyre i mine brettøl, og eg brukar kun plastikk.
Cider er ekstremt enkelt å lage. Eg laga to batcher på "gamlemåten" sist haust. Svigermor presser eplejuice frå sine epletrè kvar haust (ca 2-300 liter), dette skulle sjølvsagt kjerringa dra meg med på. Eg tok med eit par gjæringsspann og knabba 2x22 liter. Eine spontangjæra eg, og andre tilsatt...
Kva slags humle brukte du, og kor gamal var denne? Korleis var den oppbevart? Det kan spele mykje inn på det ferdige produktet, i tillegg til humletilsetningane.
100 gram humle på 21 liter verkar og som det er litt lite humle til ein IPA, personleg strekker eg meg mot 12-20 gram humle pr liter.
Dette har jo vori "diskutert" i lengre tid, og no har White Labs bekrefta at Trois ikkje er brett. Spanande gjærstamme lell, og ein av mine favorittar.
Gledar meg til å teste ut Vrais når man får moglegheita til det.
http://www.whitelabs.com/blog/wlp644-research-results
Viss du har planar om å bruke Pediococcus ville eg ha tilsatt en Brett-strain i tillegg. Pedio produserar særs mykje diacetyl, noko Bretten vil gjere av med.
Trur ikkje du skal satse på å tilsetje sukker saman med Brett, eg har opplevd alt for mange flaskebomber til at eg tør å ta sjansen i allefall. Og dette frå bryggerier som er vande med å handtere Brett (t.d. Anchorage).
Og som folk her seier, Brett arbeider langsomt, så eg ville gitt ølet ei...
Trur ikkje det bør vere eit problem å gjære ølet med ein belgisk gjær før du har på Sour mix. Når det får stå lengje nok på Brett vil den ta over mesteparten av smaksprofilen. Eg har i allefall ikkje hatt noko problem med ettergjæring av Saisons med Brett. Mykje av esterpreget frå gjæra forsvinn.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.