Hei, gode ølbryggjarar!
Heldt på å gløyme av gjengen her på Norbrygg, men her kjem ei opa innbyding til dykk òg i siste liten. Det er lita meining i at bryggjemiljøet på Sunnmøre skal vere delt i ulike leirar, så her er det berre å melde seg på karar. Etter ynskje frå "gamlekarane" i Konnjøl...
Dette var kjekt, og eg vil hermed melde mi interesse for å vere med på framtidige samlingar, enten det no heiter det eine eller andre :-)
Elles kan eg stadfeste det som har blitt sagt av enkelte, at det allereie finst eit "Konnjøl Vest", som har arrangert treff sidan -92, då det kun var nokre...
Hallstein: Som Frode skriv, er dei godkjende for næringsmiddel, ja.
Holgersen: 30 og 60l-fata er nok ikkje spesielt rimelege, men 120 og 200l-fata skulle vere kokurransedyktige på pris. Kvaliteten er veldig bra!
Tenkte eg ville tipse om desse rimelege fata frå Witre, som eg har største varianten av.http://www.witre.no/plastfat-med-lokk_26515M.html
Til gjærlås har eg den store av plastik frå Speidel. Med temperaturkontrollen UT200, fungerer denne riggen perfekt til brygg på 120-170 liter!
Det kjem til å gå heilt fint :-) men skaff deg ein slik: http://vinogbar.no/product_info.php?cPath=351&products_id=2215 så har du full kontroll.
Slik har eg gjort det: Skjer ut eit spor for temperatur-følaren i eit stykke skumplast, og plasser følaren mellom skumplasten og gjæringskaret. Fest...
På Søre Sunnmøre kan du få fylt CO2 med Myklebust Brannsikring ANS i Dalevegen 31, i Ørsta. Prisen er 100kr/kg. Du kan også få kjøpt brukte, trykktesta flasker, der stigerøret er fjerna, for vårt bruk. Kjøpte sjølv ei 10kg flaske for nokre veker sidan for 1000kr, ferdig fylt :yes:
Her er ei lenkjesamling frå Tyskland, der det finst eit utal produsentar av slike anlegg: http://www.hausbrauerei.de/
Prisar veit eg ingenting om, men billeg er det neppe...:-)
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.