Dette er det store med denne høbbyen... Du held på nokre år, synest du har litt snøring, ruslar inn på ein tråd på ditt favorittbryggeforum, og skjønar ingenting av det som står der.
Kvifor skulle gjæren døy av 37 grader? Er jo rundt der han trivst best... Norsk tradisjonsbrygging er godt kjend med pitching rundt førti grader. Du vil nok derimot få mange rare smakar på brygget.
Einig med førre talarar. Noko friskt: Pale ale, tørr variant med ein del humle, saison, ein ikkje for tam pils. Ein frekk outsider er ein amerikansk brown ale, fordi alle rettar vert betre med litt malt.
Hei! Er det nokon her som har peiling på denne koplingstypen? Held den tett utan trykk innanfrå? Tenkjer på å nytte til bulklaggring av td ukarbonert øl, vin og liknande.
20.juni vert det ølfestival i Os utanfor Bergen, i det flotte kulturhuset vårt. Mange vestlandske bryggeri kjem, og ein kan nyte øl og fjordutsikt. Mat vert det og...
I tillegg vert det heimebryggarkonkurranse med tema sommarøl. Alle viktige datoar og opplysingar finn de her...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.