Mogleg eg spør dumt her, men er det for å desinfisere eller å vaske at de hiv dei på kok? Eg skal bli meir seriøs på reinhald no, og hadde i utgangspunktet tenkt å legge kranane frå både gjæringskar og bryggemaskin i PBW i 30 minutt (jmf. instrukser på boksen), skylje, og legge i StarSan.
Sist eg brygga pils, så kom det så og seie null skum under gjæringa. Iom eg hadde brygga mykje belgisk ale tidlegare, synes eg det var svært snodig. Spørsmålet er: er det alltid lite skum når lager gjærer? Eg vil gjerne fylle opp ei bøtte ganske fullt i morgondagens brygg.
Sjå punkt 5 her: https://forum.norbrygg.no/threads/plopping-i-gjaerlas-og-generelt-om-gjaering-les-dette-forst.24200/
Har hatt plopping før flasking før, gått heilt fint. Har nok berre vore Co2.
Har ein Svartediket på gjæring i desse dagar, og det nærmer seg tid for tørrhumling. På grunn av påsken vil dette ølet stå til gjæring i 21 dagar. Bør eg då regulere tørrhumletida? Oppskrifta seier etter seks dagar.
Fekk denne i Posten i går (kudos til brewshop for svært rask behandling). Den rommer 25+ liter, men er gradert for 23. Antar at t.d belgisk gjær ville fungert dårleg I fullt kar, medan ein 34/70 kunne omtrent fylt heile. Oppgir gjær ein slags % for kor mykje ekstra plass den i i gjæringskar? Vil...
Bryggselv har byrja med happy hour kvar sundag frå 18 - 21. No er det 30% på alle ølsett med allgrain, sikra meg akkurat Svartediket. 7.6 kg malt, 312 g humle og gjær for 270 kroner er ganske bra.
Er det? Kan umogleg tenke meg at dei aller fleste har koniske gjæringskar og held på med sprøyting av sukkerlake? Eg stikker om, og er ikkje særleg bekymra for verken infeksjon eller oksidering. Kanskje eg burde vere det, men eg er så blodnøye med desinfisering og roleg hevertbruk at eg velger å...
Er det?
Eg har fått ein metode no som eg likar. Kjøpte nyleg 2 kassar bjørnungar på butikken som eg skylde med vatn og tørka. Deretter laga eg 5 liter med PBW, og tappa litt i botnen på alle flaskene for å sikre meg at eg fekk vekk restar. Slik stod dei over natta, og fekk ein runde med kosten...
Eg òg har vanskeleg for å vite kven eg skal stole på. BF sin kalkulator har eit slags kompromiss på 10 bill/g. Kanskje det er eit bra utgangspunkt. Gahr sa rett nok at Mr.malty alltid funkar, og dei oppgir 20 bill/g.
Denne tråden sparka meg i gang til å lese om tørrgjær, og det kan virke som om 18 milliardar celler per gram er godkjent påstand (ref. Brad Smith)? I det tilfellet så er vel to pakkar i det minste laget? Tørrgjæren du brukte er på 10 gram per pakke, så Mr.Malty seier óg at 20 gram er for lite...
Godt å høyre at me er fleire.
Eg har lese ein del i dag, og er meir og meir overbevist om at det er fusel som har vore usmaken eg har jakta på i altfor lang tid. Sjølv om eg har fått temperaturkontroll på dei to siste brygga, har eg nok underpitcha alle brygga mine. På ferskgjær har eg laga...
Eg smaka ei ny flaske i dag, og eg er sikker på at denne smaken er til stades etter gjæring. Ølet smakar slik før eg tappar på flaske. Så du er nok inne på feilen her. Etter å ha testa temperaturen oppi karet med vatn fann eg ut at temperaturen var om lag 1 grad over det den fortalde sensoren...
Takk for svar!
Pitchraten på ein del av dei skal ha vore riktig ifylgje brewersfriend. Eg har ikkje magnetrørar, men har rista ofte for å få mykje luft. Pilsneren fekk ein pakke tørrgjær på 8 liter, men ifylgje brewersfriend så er ikkje dette nok. Det kan vere at alt me har brygga er...
Eg las at pils bør stå ei stund, men alle brygga har som nevnt hatt samme smaken sjølv om dei har vore lagra lenge.
Det er overraskande vanskeleg å beskrive smaken, men då me prøvde å leite etter ein knakk så var me innom både papp og popcorn/mais. Men det var kanskje like fullt fordi me las...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.