Eg har forsøkt med på ein klon av 7F Mon Plaisir etter fattig evne - ein kamerat av meg liker godt 7F Mon Plaisir og når kona han så i tillegg synes dette ølet godt kan erstatta industripils - så er ikkje eg den første til å sei nei til å forsøkja å brygga ei klon av ølet. Luktar iallefall nydeleg av det eg har tappa i gjæringskar no.
Denne gongen har eg erstatta Irish Moss med Whirlfloc - det er første gong eg forsøkjer det.
Omlag 2 timar etter at vørteren var kjølt etter kokinga tappa eg den over til gjæringskar. Aldri har eg sett så klar vørter før gjæring - den er klar som vatn med ein nydeleg flott gylden farge.
Spørsmålet er no om dette skuldast Whirlfloc eller om det skuldast det å ta seg god tid?