Jau, langtidslagring av svært sterke øl er moro. Har brygga lys tripel nokre gongar, men har aldri vart lenger enn 1,5 år på flaske. Mitt inntrykk er at lyse øl som t.d. ein tripel eller ein lys barleywine modnar raskare enn mørke øl som t.d. imperial stout eller ein litt mørk barleywine. Og at modninga stoppar opp slik at det ikkje skjer så mykje smaksmessig etter ca 8-10 mnd. Tippar det har å gjere med stoffa som er i den mørke malten. Hadde vore artig å høyrt erfaringane til andre bryggarar om dette.
Espen Lothe
Kinn Bryggeri
Espen Lothe
Kinn Bryggeri