Etter å ha lest den nye bryggeboka, ser eg at Espen Lothe i Kinn anbefalar å hauste og gjenbruke gjær. Han meiner gjæra berre blir betre for kvar gong. Eg syns det høyrdest utruleg spennande ut. Eg fann også nokre greie oppskrifter frå OMB (steamer, porter, stour), som eg tenkte eg skulle prøve å lage i rask rekkefølge, hauste gjær etter tre dagar og pitche rett i nytt brygg osv... No står det at OMB nyttar Ringwood ale til dette, spørsmålet mitt er kva resultat kan eg vente av Safale 04 om eg haustar den? Eg ser gjæra får blanda skussmål, men betyr det eigentleg so mykje for ein newbie som meg?