Løsemiddel/neglelakkfjerner - bortgløymt gjæringskar

Gjæringskaret har stått med gjærkake + nokre få liter slurry i 5 veker. Vart opphavleg sett på gjærkaka av ein kölsch i slutten av april. Når eg no kom over dette karet (som den late bryggaren eg er) måtte eg ta teljing og lufte ut pga intens løsemiddellukt frå gjærkaka. Det har stått i romtemp+morgonsol i desse fem vekene. Det andre karet i same rommet (eg sa eg var lat) var imidlertid heilt utan lukt med us-05 omlag 4 veker sidan tapping.

Kva skuldast dette fenomenet?

Er det gjæren som lagar denne lukta, eller skuldast det oksydering av ciderrestane? Brygget er imidlertid heilt fint, så eg utelukkar infeksjon så langt.

Lærdommen er å ikkje gjenta dette late stuntet. Eg lovar; det var fyrste gongen eg ikkje rydda opp etter tapping.
 
Autolyse. Jeg holdt på å gå i bakken første gang jeg kjente samme lukten da jeg åpnet opp et glass med gjenglemt slurry som hadde stått på kjøkkenet.
 
Ein interessant detalj her kan vera at det karet som slo meg i bakken hadde stått lufttett, dvs med gjærlåsen på. Det andre karet stod med tom gjærlås, og hadde tilgong på oksygen.
 
Tilbake
Topp