Hei! Me heiv oss rundt på ølbrygging i hurten og sturten i håp om å få til noko som minna om juleøl i tide. Med minimalt med utstyr og erfaring gjorde me to tabbar eg ser no etter å ha lest meg opp på ting eg burde ha lest i forkant:
1. Hadde fått med meg at nedkjølinga skulle gå så fort som mogleg, men strengt tatt ikkje kvifor. Med kjelen i ein oppvaskkum, isbitar og eit høgst primitivt system for gjennomstrøyming av kaldt vatn i kummen, gjekk det for så vidt fort, men det var nok også fordi me i prosessen fekk den glitrande ideen å røra rundt i kjelen for å driva ut varmen. Når eg no les at poenget med kjapp nedkjøling var at avfallsstoff skulle synka til botns, gjekk jo vinninga mildt sagt opp i spinninga. Så blir spørsmålet; må me beklaga oss på å drøvtygga humle, eller kan dette gå likevel? Vil f.eks avfallsstoffa kunne falla til botns under gjæringa og/eller flaskemodninga? Eller finst det nokre livreddande metodar, f.eks filtrera brygget i kaffifilter etter gjæring og før tapping?
2. Me har kjøpt fine flasker. Glasflasker. Men så les eg no ein plass at ein skal bruka plastflasker for å få kolsyre under flaskemodninga. Er det tilfelle?
Vh. Ole ølnovise