Min PID er frå Auberins . og har PT100 RTD. Og SSR. Eg har kjørt autotune slik instruksjonane sier med 22 liter vatn i kjelen. Men den verkar å vera litt rar i logikken sin - ja direkte dum er vel eit betre ord.
Eksempel1: Eg har hatt SET VALUE til 74 grader og fått tempen der. Så aukar eg SET VALUE til 78 grader. Då startar den forsåvidt på prosessen - men det er mykje av og på - den aukar så småningom til 76 grader. Der blir den ståande og går opp/ned 0.1,0.2,0.3 grader før den etter nokre minutt finn ut at den skulle til 78 grader - det tek i det heile relativt lang tid å auka tempen.
Eksempel2: Når den så har nådd SET VALUE - ja faktisk opptil ein grad over det og PV tempen ligg på 78.6-79.2 grader - så er det vel strengt tatt ikkje noko grunn til at den skal slå på varmelementet? For det gjer den - rett nok berre eit raskt "lynblink" på/av Er alle PID så dumme eller er det berre min Auberins som er så korka?
Og så synes eg kanskje at logikken i den - etter autotune - kanskje burde ha stogga oppvarminga før den når 78 grader slik at restvarmen i elementet ikkje fører til at tempen går over SV - trudde det var litt av poenget med å ha PID Akkurat no verkar den å vera ein litt fancy halvnøyaktig nevrotisk termostat.