Var på Texel i fjor og nytte Skuumkoppe i vårsola på Dronningens dag. Texelse har fleire gode øl, men Eyerlander (amber, minna om ein sterkare og meir forsiktig humla variant av Berentsen Rav) og Skuumkoppe sette seg fast i hovudet. Det er definert som donker witbier på hollandsk og Dunkles Weissbier i den tyske omsetjinga. Med sine 6% så kan ein vel kanskje kalla det ein Weissenbock? Uansett, er det nokon med kjennskap til desse øltypane som kan antyda noko om maltsamansetjing? Kan ein komma i nærleiken med Safebrew WB-06?