Kan denne smaken som er i mange industripils komme av pasteurisering? Det berre slo meg at mykje industriøl blir pasteurisert. Denne oppvarminga må jo gjere noko med smaken på ølet?
Har brygga julefred med 028 og det vart veldig bra. Vart ikkje for tørr. Har ikkje notatane mine framfor meg men meiner den enda opp på 1,017-18. Har brukt den på andre wee-heavy oppskrifter med godt resultat og.
Har brukt 051 nokre gonger og har ikkje merka noko til svovel i ferdig øl iallefall. Har brukt den i både IPA og APA. Fekk forresten litt frå Ægir ein gong som eg brukte i ein blonde ale med godt resultat. Gjærar nok litt mindre ut enn WLP001/Us-05.
Har ikkje prøvd sous vide til nedkjøling/WP, men det er heilt topp til oppvarming av skyllevatn. Til nedkjøling av vørter brukar eg drill og Grainfather whirlpool & aeration paddle med kjølespiral. Det fungerer også veldig bra.
Det ser ut som at eg endeleg har fått til Kölsch utan fruktpreg med WLP029. Smakte på den etter kun to døgn på fat i dag. Det var ikkje fruktigheit å spore. Det eg gjorde forskjellig frå tidlegare forsøk var eigentleg mengde gjær. Steppa opp gjærstartar. Først 2,5 l, så ny startar på 4,5 l med...
Brygga ein APA med Gjernes kveik i går kveld. Lagde ein ørliten starter med to boksar vørterøl då røyret (3-4 ml) hadde lege i kjøleskapet i ca 5 veker. Fekk litt bange anelsar då det fortsatt lukta vørterøl av starteren etter to døgn. Litt søtt smakte den og men det skumma veldig kraftig når...
Takk for konstruktive tilbakemeldingar. Eg prøver Bårdd sitt råd om å sette ølet på 10 grader nokre veker for å sjå om gjæren kan fikse det. Ellers så skal eg prøve meir gjær neste gong. Tippar det er der problemet ligg.
mvh
Bjørn Erik
Har brygga pils 4 gonger og kvar gong har eg fått kraftig smak/lukt av eple som eg reknar med er acetaldehyd. Problemet er at eg ikkje klarar å finne ut kva som er feil i prosessen min. Alle gongene har eg brukt 3 pakkar 34/70 på 25 l vørter. Eg har rehydrert kvar gong på ca 23 grader. Mellom...
Har kjøpt eit testsett som heiter Glutentox frå USA. Eg har målt gluten i dei to siste brygga mine som var allgrain. Begge var under 20 ppm gluten. Eg brukte brewers clarex i begge. Den eine var Ægir IPA, den andre ein dry stout. Bror min som er glutenallergikar drakk begge utan problem:)Skal...
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler (cookies) for å tilpasse innholdet, skreddersy din opplevelse og holde deg innlogget dersom du registrerer deg.
Ved å fortsette og bruke dette nettstedet, samtykker du i bruken av informasjonskapsler.