Siste prosjekt frå Storabrygg Nanobryggeri er brygging av 50 liter IPA på 25 liters BIAB utstyr, 36 liters panne. Dette vart gjort ved å meske maks mengde malt og tilsette humle som om det vart brygga 50 liter. 9 kg malt vart meska (kan få plass til 10kg), og kokevolum på 33 liter. I tillegg vart 2 kg spraymalt kokt utanom, og vatna ut til 27 liter. Ved ferdig kok så vart dette blanda i to gjæringsdunkar på 27 liter brygg. OG 1053 vart oppnådd, og ved måling etter fire dagars gjæring er OG 1014. Tørrhumlig med 100 gram Citra i kvar dunk er gjort etter fire dagar. Reknar med å ha klar 50 liter tvangskarbonert IPA på ca 10 dagar...
Morosamt prosjekt, og spent på resultatet !
Morosamt prosjekt, og spent på resultatet !