Brygg nr 2. vart Black Hole Stout frå Moderne Hjemmebrygging. No har det stått 2 veker og det verkar å vera utgjæra. FG på 1.010 (her og) - OG hugsar eg ikkje heilt. Mistenkjeleg Guiness-aktig dette ølet - uten at eg dermed har sagt at mitt øl konkurrerar med Guiness. Men samans med erfaring frå brygg nr 1 så lurer eg etter kvart på kvifor eg ikkje fann på dette før.
Moderne Hjemmebrygging er eit fint lite hefte men eg savnar kanskje litt om kva FG ein skal forventa når ein har gjæra ølet. For Bitter står det at ein kan venta mellom 1.008 og 1.015. Og når eg har søkt på ølet her på forumet finn eg eit par som har laga det men ikkje noko FG. Nokon som veit meir enn meg?
Og Brygg nr 3. er eit "kreativt" American Pale Ale frå same boka der eg i staden for 5 kg pale ale malt brukte ei blanding med pilsnermalt og pale ale malt siden det var det eg haddeg. Eit snev kveite brukte eg og. Gjær i dette var WLP090 San Diego Super Yeast - som også var det eg hadde (frå nærbutikken Vestbrygg.no). Det er vel berre dagar igjen skulle eg tru siden det vart bryggja 4 dagar etter stouten (men idag var det 2-3 plopp i minuttet så det er vel ein del sukker igjen enno). Begge gjærbøttene har stått i same tempererte rom (19-20 grader). Kva FG er OK for slikt øl mon tru?