Nytt forsøk på øl med ingefær

Ollikainen

Norbrygg-medlem
Nokon formeiningar om eit øl laust basert på malt og gjær til tysk kveiteøl, men med litt generøse mengder med rive ingefær og kanskje sitrongras i, ikkje skulle bli godt?

Dersom ein likar ingefær då .. viss du ikkje likar det så er eg antakeleg ikkje ute etter meininga di

Eg har frå før eksperimentert med å ha ca 750g rive ingefær i eit øl med typisk pale ale maltbase og gjæra med us05 der ingefæren blei fordelt på 60 min koketid og 10 min koketid (35 liter volum før kok). Dette blei veldig godt men kunne med fordel hatt litt meir munnfølelse og ingefæren kunne nok hatt nytte av å spelt på lag med ei smaks- og aromahumle som passar godt til den..

Det som var litt interessant med dette forsøket var at til å byrja med så var det ein veldig frisk og god ingefærsmak på ølet, utan at den blei overveldande. Over tid blei ingefærsmaken tona ned til å likna meir det ein kjenner igjen i ingefærøl som ein kjøper på butikken.

Og nei, eg hadde ikkje kalla dette for tysk kveiteøl
 
Dersom du har riktig mengde av ingefær og sitrongress, kan det bli bra, men...
Ingefær taper seg (raskt) over tid, mens det potente sitrongresset ofte ikke gjør det. Sitrongress er også svært vanskelig å treffe riktig mengde med siden det er en hårfin balanse mellom svak til overdøvende smak som ofte gir en såpeaktig smak og kunstig aroma.
Du vil derfor raskt få et øl som over tid går fra godt (dersom du treffer riktig), til ubalansert.
 
Takk for tips! Kan godt vera det blir utan sitrongras då ja
 
Tilbake
Topp