Eg gjer nokre få ting som eg trur hjelper med å få klart øl.
-Resirkulering under mesking til vørteren er klar. Treng ikkje vere kontinuerleg, men nok til at vørteren er klar før det tappast til kokekaret.
-God rullande koking (hotbreake)
-Protafloc eller tilsvarande. 1/2-1 tablett pr 20l 15min før kokeslutt. Brukte tidlegare Irish Moss utan at eg fekk den heilt store effekten av det, antakeleg brukte eg lite i høve til effekten av 1/2-1 tablett protafloc.
-Rask nedkjøling. Pumpar vørteren rundt i gryta slik at whirlpoolen samlar mest mogeleg rusk og rask i mitten av kokekjelen.
-Lar vørteren kvile under lokk etter nedkjøling, før tapping til gjæringskaret. Ikkje alltid eg giddar det, klarningsmiddelet gjær at trub botnfell raskt i gjæringskaret.
-Etter gjæring kjølet eg ned dunken til 5º før tapping for best mogeleg botnfelling.
-Lar corneliusen stå kaldt og urørt under karboneringen, mesteparten av grumset (om det er noko i det heile) kjem første par glassa.
No skal det seiast at det er ikkje alle øl som er krystallklare, men det er heller ikkje poenget syns eg. Men grumsete er dei iallefall ikkje.