Forumet har imponerande gode svar på det meste. Men dette har eg ikkje klart å finna noko om: Har eit brygg som helst skal bli eit gult, tynt sommarsøl. Det har gjæra seks dagar ved 16-17 grader romtemp på gjenbrukt US-05 frå 1042 til 1007. Då har eg passert 83%, og fryktar for endå tynnare øl enn eg hadde tenkt meg. Oppskrifta var 3% melanoidinmalt, 3% carahell og resten engelsk lagermalt, 40 IBU, ti av dei frå Columbus 90 min, resten Mittelfruh på 60, 15 og 5 minutt. Litt for kald meisk, blir varmare neste gong. Sidan humlingen er litt småhissig vil eg helst at 05en gir seg no. Viss ikkje, vil eg kunna trekka noko Carapils eller Carahell og ha oppi og få litt restsødme av det? Kva utgjæring får de andre med US-05?