Tror denne treng meir malt. Takksam for råd.

SSS

 
Eg ynskjer å brygge noko som ligg tett på Fiddler's Elbow frå Wychwood. Eg har funne ei oppskrift på eit forum, men den er rekna for eit øl på 4%, og den eg hugsar meiner eg at var polvare, noko som passar med det som ligg på Beer Advocate. Oppskrifta eg har funne er i fleire versjonar, og eg trur noko ala dette er det eg tar med meg derifrå:

3500g MO Pale Malt
400g Wheat Malt
200g Crystal Malt
200g Cane Suger (Straight into the Boiler)
30g Styrian Goldings 60mins AA4.5%
20g " " 20mins
10g " " 10mins
10g " " 0mins
1 Protafloc Tablet @ 20mins
11g Safale S04 Yeast

Dette er for 23l.

Det eg lurar på er korleis eg skal gå fram for å få denne noko sterkare. Eg vil tru at om eg har i rundt fem kilo malt vil det gjere susen, men korleis blandar eg det i såfall? 4,3 kg/600g/250g? Eller er eg på villspor no?

Og korleis spelar sukkeret inn? I dei versjonane eg har sett av oppskrifta er sukkeret med nokon gonger og nokon gonger ikkje. Eg veit ikkje kva eg skal gjere, men hellar mot å ha det i.

Sidan volumet ikkje går opp, tenkjer eg at humlemenga kan vere uendra. Har eg rett?

Som ny bryggar er eg takksam for alle råd!
 
Det er vel uproblematisk å skalere opp malten. Men humlemengden må opp.
Hvor mye vet jeg ikke men tror du minst like mye opp som for malten.
Legg den inn i et bryggeprogram så finner du ut mer.
Sukkeret gjør det litt tørrere og sterkere. Men det utgjør ikke så veldig stor andel.
 
Takk. Skal sjå på det med humla i eit bryggeprogram når eg kjem heim. Har lagt inn dette tidlegare, og då var det velbalansert i følgje programmet, men eg meiner å hugse at eg då la inn 15 liter, då det var det eg hadde tenkt å lage. Noko eg ser no med litt rask rekning er at om eg går for 18, liter, trur eg eg kan hamne omtrent der eg vil mtp styrke med å bruke den oppskrifta eg har over. Kanskje det kan vere ei løysnig?
 
Tilbake
Topp