Tips til øl med chili

SSS

Norbrygg-medlem
Eg skal bryggje øl saman med ein kompis, og han vil gjerne ha øl med chili. I utgangspunktet ynskjer han noko som ligg nær Midfyn Brygghus sin trippel med chili, men eg trur ikkje eg vil dra igang med eit trippelprosjekt allereie. Har kun fem brygg bak meg, så eg har lyst til å lage noko lettare slik at det er betre odds for at ølet blir vellukka. I tillegg hadde det vore kjekt med noko som ikkje treng å lagrast like lenge som ein trippel.

Eg lurar derfor på om nokon har gode tips til øl. Eg har sett på ulike porter og stout-oppskrifter, og er personleg mest lysten på det, men sidan dette er noko kompisen min ynskjer, hadde det vore kjekt å gått for noko som kanskje er likare det han allereie har smakt og likte, men samstundes ikkje like komplisert som eg har forstått trippel er, og heller ikkje treng like lang lagring.

Om nokon har gode tips til korleis ein brukar chilien i ølet, kva typar og kvar ein får tak i det er eg også takksam.

Det er haugevis av trådar om dette her på forumet, eg er klar over det. I eit forsøk på å samle informasjonen litt forsøker eg meg derfor/desverre på endå ein tråd om dette...
 
http://www.arcticchili.com Leverandør av mange typer chilli !

For best erfaring for å lage chilli øl får du fra de andre som har laget chilli øl og da får du vel best hjelp i trådene de har ordnet her.

Men spennende prosjekt , har selv prøvd meg på en tripel med thai rød chilli og jalapeno og har kun et års lagring igjen før jeg gleder meg å teste det.

Lykke til

Easybrew
 
Topp