Treng innspel på om eg har brukt for mykje gjær i ein Kølsch. Eg skulle kome ut med 40 liter, men brukte for lite skyllevatn og enda på ein OG på 1055. Fordelte 35 liter på 2 kar og tilsette ein pakke wyeast 2565 i kvar av kara. Pakkene hadde utvida seg mykje, men då eg opna dei var det mykje att i innerpakken. Etter eitt døgn var det ingen aktivitet med ein temp på 17 grader. Eg tilsette difor ein pakke Safale S-04 i kvar av gjæringskara. No har det gått i 3 døgn. Kva skjer med ølet om ein tilset meir gjær enn tilrådd?