For mykje gjæring?

Eg har 12-15 brygg bak meg no og reknar meg som ganske erfaren. Men det siste brygget mitt har utvikla seg rart etter at det kom på gjæringskar. Det er ein lys ale, 23 liter i 30-liters dunk,  med 45% pale malt, 45% pilsner og 10% kveite-malt, 001 gjær, laga med startar (magnetrørar), gjæra ved 18-19 grader. Da eg kom ned i boden etter 3-4 dagar bula karet og gjæringslåsen var tett. Det hadde kome skum (gjær?) opp i gjærlåsen og det hadde runne litt "guffe" ut på lokket, truleg frå sjølve holet i lokket på dunken.

Eg erstatta det da med ein ny gjæringslås. Etter eit døgn var den også tetna. Eg tok bilete av denne (Sjå lenger ned).

Det er to ting eg veit er litt forskjellig med denne batchen:
1. Da eg laga startaren sto den kun 24 t på røraren før eg sette den kalt i 3 timar. Dekanderte før eg brukte den. Tidlegare har eg latt den gjære ut heilt og så kjølt ned i nokre døgn før eg har dekandert.
2. Hadde ikkje tid til å riste inn så voldsomt mykje luft i vørteren før eg sette den til gjæring.

Spørsmålet er : Kva har eg gjort ? Er det noko med startaren eller har eg vore ureinsleg? Blir ølen drikkande? Nokon som har opplevd liknande nokon gong?
 

Vedlegg

  • P1020028.JPG
    P1020028.JPG
    174,1 KB · Sett: 265
Det er ikke veldig uvanlig at gjæren skummer over. Noen gjærtyper er notoriske (WLP001 er ikke blant dem), men mye hvete eller havre kan også føre til mye skum. Du har bare hatt en god og frisk gjæring med litt for lite plass i gjæringskaret. Ølet blir sikkert godt.
 
Tilbake
Topp