Når det gjeld tilverking og salg av alkohol, så er det to alternativ. Det enklaste alternativet, om ein kan kan bruka den betegnelsen, er det utvida kommunale skjenkeløyvet. Her er kravet at ein har eller skaffar seg serveringsløyv etter søknad og godkjenning frå kommunen. Så må ein søkja om allment kommunalt skjenkeløyve for servering av alkohol. Ut i frå alkoholova § 4.2 kan ein så søkja om eit utvida løyve for å tilverka og servera alkohol i eiga verksemnd. Alkoholinnhaldet her er ganske romslig, - opptil 22%. Dette løyvet er først og fremst tiltenkt dei som driv med gardsturisme og oppleving. Kriteriane her at det skal vera ein heilheitleg del av opplevelsen, det vere seg mat eller oppleving. Med andre ord så er det tvilsomt om ein får starta opp med ein rein "gardspub" på eit slikt løyve. Frå 01.01.2012 vart det og endringar i alkohollova, slik at ein og kan søkja om salsløyve på eigenprodusert alkohol i denne samanhengen. Problemet er berre at då må ein avgrensa seg til eit alkoholinnhald på max 4,7%.
Så var det mattilsynet. Etter det eg har erfart er dei ganske greie på dette feltet. I utgangspunktet skal ein berre melda på fastsett skjema før ein startar opp. Ingen godkjenningar frå den kanten, bortsett frå at du må gjera rede for prosessane, og at internkontrollen skal vera på plass om dei finn det for godt å avlegga eit besøk når det passar seg slik.
Tollvesnet er meir krevande. Her må det fram med politiattest for å dokumentera at du har vore snill gut opp gjennom tidene. Med snill gut så legg dei vekt på at du har betalt din skatt og moms punktleg, og at du ikkje har vore innblanda i økonomiske episodar som ikkje talar til din fordel. Dei krev at du har ein godkjent rekneskapsførar, og dei skal ha namn og tlf nr til han. Vidare set dei krav til kontroll på kor mykje du har planlagt å produsera, og korleis du oppbevarar ferdig vare eller varer som er under produksjon. Så skal dei sjølvsagt ha avgift som på alt anna staten legg seg borti. Her er rundskriv frå Tollvenet
http://www.toll.no/upload/aarsrundskriv/2012 Alkohol.pdf. Avgift på alkohol inntil 4,7% kr 19,59 pr liter. Frå 4,7% inntil 22% er det kr 4,38 pr prosent pr liter. I tillegg kjem embalasjeavgift på kr 5,14 pr flaske.
På eit øl på 7% er det då avgifter på kr. 40,94 pr liter om ein tappar det på 2 halvlitersflasker. I tillegg må du og betala moms på utsalsprisen når ein sel ei flaske. For å sei det slik,- dette er ikkje raskaste vegen til rikdom. Du må rapportera og innbetala til Tolvesenet innan den 18 i kvar månad uoppfodra. Rapport skal dei ha om ein ikkje har hatt salg også. Om du missligheldt dette kan dei trua med inndraging.
Den andre måten å få bevilling på er å søkja om ein statleg bevilling. Det er vel stort sett dei same kriteriane som ligg til grunn her, men no kostar det straks endå meir. Her må du betala inn eit beløp på omlag kr. 15 000 for at helsedirektoratet i heile tatt vil sjå på søknaden. Deretter må du kunna stilla ein løpande bankgaranti på kr 200 000. Dette er som sikkerheit for at staten skal få sine avgifter om du går konkurs eller liknande.
Eg vil også tru at mattilsynet er meir tilstede her, men det veit eg ikkje.
Kommunen pliktar å vera behjelpelig med opplysningar.
Med andre ord - det er litt pes ja.