Eg har ein Brun og Blid Ale i spannet, med litt brunmalt, bittelitt meir melanoidinmalt og ein god slump crystal 145 med Aurora til 26 IBU og litt forsiktig aroma. Gjæren er bevisst noko overpitcha for litt reinare profil, Nottingham i femte føring. Han gikk frå 1054 til 1011 på fem dagar på 15 grader (i ølet). Så fekk han to dagar på 18 grader før kaldkræsjing. No har han stått kaldt tre dagar, og før har det vorte forholdsvis raskt, vakkert og godt øl, likt av mange. Men han vil ikkje klårna så fint som han pleier. Det vart med litt meir trub enn det pleier. Kan det vera grunnen? Eg har brukt gelatintrikset med hell før, men no skulle eg gjerne hatt ølet ferdig til smaking til helga. Går det bra å tappa på flasker før gelatinen har sunke og klårna opp ølet? Vil gelatinen gjera jobben i flaskene og? Viss det berre var til meg sjølv hadde eg tenkt at mindre klårt betyr meir humlearoma og vakkert øl ikkje alltid er betre. Det klårnar uansett når det får stå litt. Men no skulle eg gjerne servert øl til ein gemen hop til helga, og då må det tappast i morgon kveld. Kva seier de som er røynde i faget?