Slenger meg på denne: Eg har hatt eit øl ståande til gjæring i 6 veker og er ikkje heilt nøgd med resultatet. Men eg skjønner ikkje heilt kva som kan ha skjedd. Problemet er at ølen har fått ein beisk ettersmak, ikkje berre bitter. Men eg har drukke nokre flasker som kjennes ganske gode ut, medan ei anna var bitter. Det er ein pale ale som eg gjæra med 001, brukt 6 gonger før, ikkje vaska, men kun brukt ca halve dunken med slurry til neste øl. Den nest siste gongen hadde eg oppi eit røyr med 007 som var i ferd med å gå ut, men den fyrste ølen med 007 i tillegg vart veldig god. Har gjæra på 17 grader i kjøleskap med kontroll og føler på dunken. Med dei siste vekene (av dei 6) auka eg til romtemperatur, ca 23 grader.
Nokon som har forslag til kva beiskheita kjem frå? Er det frå lang lagring, urein gjær eller for høg temperatur over for lang tid?