Tid for brygging i kveld. Så langt har eg holdt meg til tørrgjær, men etter siste brygg så hausta og vaska eg gjær frå gjærkaka. Dette er knappe tre veker sidan. Gjæren har stått kjølig sidan, og intensjonen var å lage ein gjærstarter før neste brygg. Men eg har vore på reise dei siste dagane og ikkje hatt tid til å setje gjærstarter i gang. Eg har nok gjær utan starter, men den har då som sagt stått kjølig og følgelig bunnfalt. Eg reknar med 12 timar er for kort tid for fullverdig gjærstarter, men bør eg lage ein gjærstarter likevel for å "vekke gjæren til live igjen", eller skal eg berre bruke kokt vatn for å røre opp gjæren før pitching, alternativt safe med tørrgjær?