Reste(frukt)øl

Har nokon restar av div malt og humle liggande, samt nokon kilo med bær liggande i frysaren etter haustens sjølvplukk. Tenkte å kansje prøve meg på å lage ein batch med fruktøl. Kunne gjerne tenkt meg litt innspel på oppskrifta, mtp maltsammensetning og mengde frukt. Nokon som har nokon formeiningar om denne her?:)

Blåbærholmen Fruktøl
Batch 22L
OG:1.071 FG:1.012(est) IBU:21,3 BU:GU 0.3
45% (3,2kg) RedX
35% (2,5kg) Pale malt
15% (1,0kg) Wheat
5% (0,35kg) Crystal 30L

45g (60 min.) Saaz
20g (10min.) Saaz
30g (5min.) Cascade

2kg Bringebær (sekundær)
3kg Blåbær (sekundær)

Gjærast med US-05
 
Eg trur bringebæra vil overta all smak frå blåbæra, som heller ikkje vil bidra mykje med farge. Ville nok ha splitta batchen og laga ein bringebær og ein blåbær. Same fruktmengdene. Det må meir til enn ein trur.
 
Tilbake
Topp