silketrykk på flasker

No spørs det om du spør om det er nokon som kan gjera det profesjonelt eller om det er noko du kan gjera sjølv. 

Profesjonelt:
Eg har fått gjort dette eingong på krus og pris dreier seg mykje om volum.  Såvidt eg hugsa kalla dei det for tampongtrykk og vi hadde tidlegare eit greit trykkeri her i Bergen som gjorde slikt.  Trur ikkje dei hadde greid flasker med mindre dei var veldig korte - det var nokon begrensningar der.   

Heimelaga:
Eg har rota litt med silketrykk  og eg trur nok det skulle vera mogleg å få til å trykkja på flaske om ein er fingernem.  Det er jo ein ("foto"-) prosess å laga duken du bruker (altså det du bruker for å trykkja) og så må du nok ha ein spesiell måte å få duken til å vera stram på flaska når du skal trykkja m.m.  (eg føreset her at ein får tak i farge som festar til glas…)    Her i Bergen har vi butikk som leverer det ein treng for å laga silketrykk og det finn du sikkert også i andre større byar.  Men akkurat det med at flaska er rundt - det må du truleg finna på noko lurt sjølv - eller få hjelp der ute i den store internett-verdens-veven.
 
Send en forespørsel til Magnumhansen i Vestfossen.
Etter det jeg husker har han silketrykk på sine alu bokser
 
Tilbake
Topp