Temperatur sensor

Den sensoren du peikar til er ein RTD PT100 og det er den sensoren som Sous Vide kontrolleren er laga til - så du kan bruka den.

Når det gjeldt "t-rør" så har ikkje koparrør per se noko rørkobling - er det kanskje ei T-rørkobling du tenkjer på? Isåfall så spørs det kva slags dimensjon dette er?

Dei fleste bryggjarar bruker 1/2" rørkoblingar og når du skal kobla eit kopparrør på 10 mm til ei rørkobling - så må du ha ei såkalla klemringskobling eller du må lodda på ei kobling - det vanlegaste er vel å bruka klemringskobling som har 1/2" rørkobling i andre enden (klemringskoblinga skal på koparrøret). Deretter må du ha eit T-ledd og det har normalt sett innvendig rørkobling (1/2" framleis). I ei slik kan du ikkje kobla inn denne sensoren frå Auberins - du må enten ha ein annan sensor som har 1/2" rørkobling (altså ein PT100 sensor med 1/2" rørkobling) eller om du skal brukar Auberins-sensoren må du ha ein overgang frå 1/2" NPT til 1/4" NPT . (utvendig 1/2" NPT og innvendig 1/4" NPT).

Når det gjeldt RTD PT100 så fins det fleire variantar med ledning - ofte er det 3 leiarar i ledningen til sensoren - du kan jo sjekka den du har i din Sous Vide om den har 3 leiarar eller ikkje. Er det 3 leiarar så er det grei skuring å bytta denne med annan RTD PT100 sensor med 3 leiarar sidan denne varianten er sjølvkalibrerande.
 
Ja det er en T-rørkobling http://www.biltema.no/no/Bygg/VVS/Ror-og-rordeler/Klemringskoblinger/T-ror-866118/ jeg tenker på som skal kobles på et 10mm rør ved inngangen til meskeboks hvor temperatur sensor skal sitte. Så da trenger jeg en 1/2 NPT Thread på sensoren da hvis jeg forstår riktig?
Den sensoren som sitter på piden er denne: http://www.auberins.com/index.php?main_page=product_info&cPath=8&products_id=186
Den har to ledninger som ender i en kobling med tre små hull i enden som går inn i sous vide kontrolleren. Derfor er jeg ikke sikker på om sensoren jeg ønsker passer.
 
Du vil ideelt sett trenga 1/2" BSP thread på sensoren. Men 1/2" NPT funkar også. (men det du kjøper på Biltema er BSP).

Du kan også gjenbruka den sensoren du har ved å montera den i ein passande lang thermowell med litt kjølepasta. (altså ein thermowell med 1/2" BSP (eller evt. NPT). Då bør du vita diameter på sensoren du har slik at den passar i thermowellen.

Sidan den berre har 2 leiarar så har den ikkje korrigering for motstanden i ledningane - men den er vel såpass kort at det neppe spelar noko rolle for nøyaktigheten. Sensoren du opprinneleg peika til har 3 leiarar. Det er mogleg du kan bruka ein 3-leiar også ved berre å bruka 2 av leiarane - det ser slik ut for meg men det fins sikkert dei her på Norbrygg som kan dette som fag som kan gje deg skråsikkert svar. Eller du kan søka og sjå om du finn noko på 2 leiar/leder versus 3 leiar/leder...
 
Tilbake
Topp